Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Rettleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med å styrke laget vårt?

Er du god på relasjonsbygging og ønskjer du å gjere ein forskjell i folk sine liv? Har du trua på at alle menneske som vil kan komme i arbeid? Trivast du med både relasjonelt og skriftleg arbeid, og arbeid der du kan finne gode løysingar i samhandling med menneske i krevjande situasjonar?  Då kan du vere den du vi søkjer etter.  

NAV er inne i ein omfattande og spennande moderniserings- og endringsfase.  Vi har no ledig fast stilling som rettleiar.  Vi ser etter ein engasjert person som har lyst på utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver, som ønskjer å sikre gode heilskaplege tenester til innbyggar, og vere ein bidragsytar til å utvikle desse i lag med leiing og kollegaer.

Som rettleiar får du ansvar for å arbeide sjølvstendig med eigen portefølje i eit tverrfagleg team som har som formål å bidra til sosial tryggleik, aktiv deltaking i samfunnet for den enkelte og fremje overgang til arbeid, aktivitet eller utdanning.

Sunnfjord kommune har 22 000 innbyggarar og NAV-kontoret i Sunnfjord kommune er regionkontor for NAV region Sunnfjord med omlag 50 tilsette. Kontoret er organisert i fire avdelingar med eigen avdelingsleiar.  Som følgje av at kommunestyra i Sunnfjord, Høyanger, Fjaler og Hyllestad har gjort vedtak om å etablere felles kontor «NAV Sunnfjord og Ytre Sogn» med Sunnfjord kommune som vertskommune frå 2025.

 

Arbeidsoppgåver:
  • sakshandsaming og oppfølging av ulike målgrupper, t.d. unge, vaksne eller flyktningar
  • kartlegge den enkelte sine moglegheiter og ressursar
  • vurdere tiltak som kan føre til arbeid, avklare behov, rettleie, motivere, og legge til rette for å hjelpe den enkelte til å bli sjølvhjelpen
  • samhandling med interne og eksterne samarbeidspartar
  • rettleie, informere og sakshandsame etter gjeldande regelverk. Arbeid etter lov om sosiale tenester i NAV vil stå sentralt, men andre arbeidsoppgåver kan og vere aktuelle
  • rettleie og bidra til at innbyggar kan nytte NAV sine digitale tenester og digital informasjon

Vi tek atterhald om endring i arbeid- og ansvarsområde. Du må rekne med å utføre dei oppgåvene som til ei kvar tid er naudsynte for at kontoret og regionen skal imøtekomme brukarane sine behov.

 

Kvalifikasjonar:
  • utdanning på bachelor-nivå gjerne innanfor samfunnsfag, sosialfag eller helsefag.  Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne. (minimum B2)
  • gode digitale ferdigheiter

 

Det er ønskeleg at du har erfaring frå:
  • tverrfagleg samarbeid
  • samarbeid med arbeidsgjevar og/eller utdanningsinstitusjonar
  • oppfølgingsarbeid med vanskelegstilte, flyktningar, ungdom eller familiar
  • sakshandsaming og bruk av lovtolking
  • kjennskap til inkluderingsarbeid og inkluderingskompetanse i NAV

 

Personlege eigenskapar:
  • pågangsmot
  • god på motivasjons- og endringsarbeid med menneske og verdset brukarmedverknad
  • har gode samarbeidsevner, er positiv, tydeleg og løysingsorientert.
  • er strukturert og arbeider med god kvalitet i oppfølging og saksbehandling.
  • tek ansvar for eiga utvikling og medverkar til utvikling av andre sin kompetanse i kontoret

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

 

Vi tilbyr:
  • eit sosialt arbeidsmiljø med engasjerte kollegar kor arbeidsmiljø verdsetjast høgt
  • trening i arbeidstid og fleksitid  
  • stor fleksibilitet og påverknad på din eigen arbeidsdag   
  • rettleiing og fagleg oppfølging
  • meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver i engasjerte tverrfaglege team 
  • eit miljø for å skape gode tenester for innbyggjarane i Sunnfjord kommune 
  • tilsetting i Sunnfjord kommune med løn etter gjeldande kommunale løns og pensjonsvilkår

Du søker elektronisk.

 

Velkommen som søkar!