• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    31.12.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5482504
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 12.12.2023
Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Fysioterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunnfjord kommune har omlag 22 000 innbyggarar. Eining fysio/ergoterapi i Sunnfjord kommune har 22 tilsette, fordelt mellom arbeidsstadane Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesta består av fysioterapeutar, ergoterapeutar og serviceteknikarar med ansvar for hjelpemiddel. Eininga har eit godt fagmiljø, med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar.

Sunnfjord kommune ligg sentralt plassert i gamle Sogn og Fjordane fylke, med kring 3,5 timars køyring til Bergen og 4,5 timar til Ålesund. Avstand frå arbeidsstad Sande til kommunesenteret Førde er 22 km. Det er flyplassar både i Førde og Sogndal, og begge stader har etablerte studentmiljø ved Høgskolen Vestland. Regionen har rikt med naturopplevingar med fjord og fjell, og i nærområdet kring Sunnfjord er det mange moglegheiter for fine toppturar, både til fots og på ski. 

Vi har ledig:
  • 100 % vikariat som fysioterapeut for vaksne og eldre

Denne stillinga er knytt til arbeid med vaksne og eldre, og er ein av to fysioterapistillingar på dette området med arbeidsstad Sande. Der er det også ei stilling som turnusfysioterapeut, samt at der er ergoterapeut og serviceteknikar. Det må påreknast at det også kan vere aktuelt med arbeidsoppgåver tilknytt andre arbeidsstader i eininga i Sunnfjord kommune.

Tenesta har eit nært samarbeid med dei andre kommunale fagområda som rettar seg mot vaksne og eldre, slik som legetenesta og pleie-  og omsorgstenesta. Vi legg vekt på heilskapleg og tverrfagleg samhandling med dei andre tenestene.

Som fysioterapeut vil arbeidsoppgåvene dine vere:
  • individuell oppfølging av vaksne og eldre i og utanfor institusjon
  • poliklinisk/kurativ oppfølging av vaksne og eldre
  • rettleiing og samarbeid med andre faggrupper
  • hjelpemiddelarbeid
  • instruktør i treningsgrupper
Krav til søkar:
  • autorisasjon som fysioterapeut
  • førarkort klasse B
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Vi søker deg som:
  • har god arbeidskapasitet, og ha evne til å handtere ein hektisk kvardag med mange arbeidsoppgåver
  • er strukturert, og kan planlegge eigen arbeidskvardag
  • har god kjennskap til bruk av IT-verktøy; i Sunnfjord kommune nyttar vi journalprogramma CosDoc og Patientsky
  • er fagleg trygg, og er flink både til å samarbeide med andre og til å arbeide sjølvstendig
  • har erfaring frå kommunehelsetenesta, men ikkje eit absolutt krav

Kjennskap til hjelpemiddelformidling er eit ønske, men ikkje eit absolutt krav.

Politiattest må leverast før oppstart i stillinga.

Du søker elektronisk.

 

Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    31.12.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5482504
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 12.12.2023