• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    03.07.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5791721
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 22.06.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Leiar ved frivilligsentralen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Naustdal frivilligsentral treng ny leiar. Vi har ledig ei 100% fast stilling i Aktivitetseininga knytt til Friskliv og frivilligsenteret. Vi er eit team på 6 personar som saman held i og driftar frivilligarbeidet, frisklivssatsinga og anna førebyggjande arbeid i Sunnfjord kommune. Vi samarbeider med fleire kommunale einingar, frivillig sektor, institusjonar og næringsliv. Aktivitetseininga i Sunnfjord kommune har ansvar for Friskliv og frivilligsenter, der dei tre frivilligsentralane i Naustdal, på Sande og i Førde er organisert. Desse tre Frivilligsentralane samarbeider om aktivitetar i alle grender i Sunnfjord kommune.

Vi søker deg som er kreativ og glad i menneske. Du vil få ansvar for Naustdal frivilligsentral og saman med resten av teamet vil du arbeide med aktivitetar, arrangement og ulike prosjekt knytt til frivilligheit i heile Sunnfjord kommune.

Aktivitetseininga har og aktivitetstilbod til vaksne i alle aldrar i Sunnfjord kommune. Aktivitetstilbodet kan gjevast som opplæring, arbeid eller anna type dagaktivitet til menneske som av ulike grunnar har behov for tilrettelegging eller bistand. Vi er i alt 53 positive og engasjerte medarbeidarar som jobbar i eininga fordelt på små og store stillingar i heile kommunen.

Krav til søkar:
  • høgare helse-/sosialfagleg eller anna relevant høgare utdanning
  • god IKT- kompetanse
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • godkjent politiattest av ny dato må leggast fram før start i stilling
  • førarkort klasse B
Vi søker deg som:
  • er kontaktsøkjande, uredd, sjølvstendig og initiativrik
  • er utviklingsorientert og handlekraftig
  • er kreativ og glad i menneske
  • er god på å takle eit vidt spenn i oppgåver, er strukturert og flink til å planlegge eigen arbeidskvardag
  • har gjennomføringsevne
  • er ein lagspelar med fagleg autoritet innan ansvarsområdet
  • er engasjert og har evne til å motivere
Vi kan tilby:
  • utfordrande, varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • samarbeid med mange engasjerte menneske i og utanfor kommunen
  • lønn etter kommunal tariff

Du søker elektronisk.

 

Velkommen som søkar!

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    03.07.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5791721
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 22.06.2024