Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
04.08.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5768878Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 08.06.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Logoped og PP-rådgivarar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
PPT i Sunnfjord kommune samarbeider tett med skular og barnehagar. Vi legg vekt på god brukardialog, fagleg utvikling og tverrfagleg samarbeid. Vi har kontor på rådhuset i Førde og har 20 tilsette frå 30-64 år med ulike utdanningar.
Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) sitt arbeid er heimla i barnehage- og opplæringslova. Vi arbeider med kompetanseheving og organisasjonsutvikling i barnehage og skule, for å legge betre til rette for barn med særlege behov. Vi utarbeider sakkunnig vurderingar der vi etter utgreiing vurderer om eit barn har rett til spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning. Frå 1. august 2024 får PPT nytt mandat i ny opplæringslov, der vi i større grad skal hjelpe skulane med å sette i verk tiltak og arbeide førebyggande. Kontoret har difor siste året førebudd oss til denne endringa og deltek no mellom anna i barnehagane og skulane sine eigne team ute i einingane.
Vi har ledig stilling som:- Logoped til logopedteamet – 100 % fast stilling frå 01.09.2024
- PP-rådgivar i barnehageteamet – 100 % fast stilling frå 01.09.2024
- PP-rådgivar i skuleteamet – 100 % fast stilling frå 01.01.2025
Logoped:
Arbeidsoppgåver:
- Gi logopedtenester til barn og elevar frå 0-16 år.
- Rettleiing til føresette og tilsette i barnehage og skule.
Kvalifikasjonar:
- Utdanning som logoped.
- Kjennskap til kartleggingsverktøy og tiltak.
- Rettleiingskompetanse.
PP-rådgivar barnehage:
Arbeidsoppgåver:
- System- og individretta arbeid i barnehage:
- Konsultasjon, rettleiing og rådgiving.
- Utarbeide sakkunnige vurderingar.
- Observasjon, kartlegging og utgreiing av barn.
- Samarbeid med føresette, barnehagar og hjelpeapparat.
Kvalifikasjonar:
- Profesjonsstudiet/mastergrad i spesialpedagogikk, psykologi eller innanfor sentrale fagområde for PPT.
- Erfaring frå arbeid i PPT, barnehage eller andre aktuelle instansar kan der søkar vert vurdert som særleg eigna, vege opp for kravet om mastergrad.
- Ønskeleg med praksis frå arbeid med barn med særlege behov, fortrinnsvis frå PPT, men arbeid i barnehage eller tilsvarande instansar er også aktuelt.
- Relevant test-, utgreiings- og rettleiings- og rådgivingskompetanse.
- God norsk språkføring, både munnleg og skriftleg.
PP-rådgivar skule:
Arbeidsoppgåver:
- System- og individretta arbeid i skule:
- Konsultasjon, rettleiing og rådgiving.
- Utarbeide sakkunnige vurderingar.
- Observasjon, kartlegging og utgreiing av elevar.
- Samarbeid med føresette, skular og hjelpeapparat.
Kvalifikasjonar:
- Profesjonsstudiet/mastergrad i spesialpedagogikk, psykologi eller innanfor sentrale fagområde for PPT.
- Erfaring frå arbeid i PPT, skule, fortrinnsvis på ungdomstrinn, eller andre aktuelle instansar kan der søkar vert vurdert som særleg eigna, vege opp for kravet om mastergrad.
- Ønskeleg med praksis frå arbeid med barn med særlege behov, fortrinnsvis frå PPT, men arbeid på ungdomstrinn på skule eller tilsvarande instansar er også aktuelt.
- Relevant test-, utgreiings- og rettleiings- og rådgivingskompetanse.
- God norsk språkføring, både munnleg og skriftleg.
For alle stillingar vert det i tillegg lagt vekt på:
- at ein kan skape gode relasjonar til barn, føresette og fagpersonar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til fleksibilitet
- evne til å motivere og arbeide målretta, strukturert og effektivt
I PPT har vi:
- eit kjekt, godt, trygt og sosialt arbeidsmiljø
- engasjerte kollegaer
- deltaking på relevant kompetanseheving og personalsamlingar
- lønn etter avtale
- kompetansetillegg
- gode pensjons- og forsikringsordningar
For søkarar med anna utdanning enn norsk, krevast det språkkunnskapar tilsvarande nivå B2. Dette gjeld ikkje skandinaviske søkarar. Legg ved dokumentasjon til søknaden.
Søkar må ha sertifikat klasse B då arbeidsområdet er i heile Sunnfjord kommune.
Det må leggast fram politiattest før oppstart i stilling.
Velkomen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
04.08.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5768878Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 08.06.2024