Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
23.07.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5781958Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 21.06.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Fjaler kommune
Miljøarbeidar i skule og miljøteneste 100 % fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du bidra til å lage ein trygg arena for unge med særskilte behov, der dei kan føle seg inkludert og ivaretatt, samtidig som dei får meistringsfølelse?
Vi ser etter deg som likar å jobbe med menneske, har fokus på tilrettelegging og brukarmedverknad, og som vert motivert av faglege utfordringar
I denne spanande kombistillinga vil du få moglegheit til å følgje barn og unge på fleire arenaer og vere eit viktig bindeledd mellom skule, heim og miljøtenesta. Du vil kunne bidra til å skape eit heilheitleg opplæringstilbod som er tilpassa den enkelte med fokus på ivaretaking av læringsglede, livsmeistring og livskvalitet. Det er ønskjeleg med erfaring frå målretta miljøarbeid og arbeid med menneskjer med utviklingshemming. Det blir tilbod om fagleg oppfølging og rettleiing.
I denne 100 % faste stillinga jobbar du i turnus med dagvakter/mellomvakter og langvakter fordelt mellom skule, SFO, avlastingsbustad og miljøteneste. Arbeidsstaden din blir i hovudsak i kommunesentert, men det kan og bli aktuelt med oppdrag andre stader i kommunen i arbeidstida. Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål om stillinga.
Arbeidsoppgåver- Utføre tenester i samsvar med vedtak og retningsliner for den enkelte
- Arbeide for å fremje sjølvstende og meistring hjå tenestemottakar
- Samhandlar på tvers av tenester: heim, skule og miljøteneste
- Rettleie og bistå i daglege gjeremål og fritidsaktivitetar
- Arbeide målretta i høve aktivitetar, gjeremål og sosiale aktivitetar
- Etiske refleksjonar kring eigen praksis, evaluere tiltak, målsetjingar og tenester
- Varierte oppgåver på tvers av arenaer: fritid, skule, eigen bustad
- Vernepleiar eller anna høgskuledanning innan helse og sosialfag eller pedagogiske utdanning
- Fagarbeidarar innan helse og oppvekst og relevant erfaring kan og bli vurdert
- Førarkort klasse B
- Gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjend MRSA- og tuberkulintest før tiltreding
Vi vektlegg at personen er egna til stillinga.
- Løysningsorientert
- Strukturert. Kunne planlegge og gjennomføre målretta tiltak og aktivitetar
- Sjølvstendig
- Ha evne til å ivareta brukarmedverknad og etisk refleksjon
- Tydeleg, fleksibel og engasjert
- God til å byggje relasjonar og kontakt med andre
- Løn etter utdanning og erfaring
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollega
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
23.07.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5781958Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 21.06.2024