Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
07.07.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5791723Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 22.06.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sunnfjord kommune
Rettleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vere med å styrke laget vårt?
Er du god på relasjonsbygging og ønskjer du å gjere ein forskjell i folk sine liv? Har du trua på at alle menneske som vil kan komme i arbeid? Trivast du med både relasjonelt og skriftleg arbeid, og arbeid der du kan finne gode løysingar i samhandling med menneske i krevjande situasjonar? Då kan du vere den du vi søkjer etter.
NAV er inne i ein omfattande og spennande moderniserings- og endringsfase. Vi har no ledig fast stilling som rettleiar. Vi ser etter ein engasjert person som har lyst på utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver, som ønskjer å sikre gode heilskaplege tenester til innbyggar, og vere ein bidragsytar til å utvikle desse i lag med leiing og kollegaer.
Som rettleiar får du ansvar for å arbeide sjølvstendig med eigen portefølje i eit tverrfagleg team som har som formål å bidra til sosial tryggleik, aktiv deltaking i samfunnet for den enkelte og fremje overgang til arbeid, aktivitet eller utdanning.
Sunnfjord kommune har 22 000 innbyggarar og NAV-kontoret i Sunnfjord kommune er regionkontor for NAV region Sunnfjord med omlag 50 tilsette. Kontoret er organisert i fire avdelingar med eigen avdelingsleiar. Som følgje av at kommunestyra i Sunnfjord, Høyanger, Fjaler og Hyllestad har gjort vedtak om å etablere felles kontor «NAV Sunnfjord og Ytre Sogn» med Sunnfjord kommune som vertskommune frå 2025.
Arbeidsoppgåver:
- sakshandsaming og oppfølging av ulike målgrupper, t.d. unge, vaksne eller flyktningar
- kartlegge den enkelte sine moglegheiter og ressursar
- vurdere tiltak som kan føre til arbeid, avklare behov, rettleie, motivere, og legge til rette for å hjelpe den enkelte til å bli sjølvhjelpen
- samhandling med interne og eksterne samarbeidspartar
- rettleie, informere og sakshandsame etter gjeldande regelverk. Arbeid etter lov om sosiale tenester i NAV vil stå sentralt, men andre arbeidsoppgåver kan og vere aktuelle
- rettleie og bidra til at innbyggar kan nytte NAV sine digitale tenester og digital informasjon
Vi tek atterhald om endring i arbeid- og ansvarsområde. Du må rekne med å utføre dei oppgåvene som til ei kvar tid er naudsynte for at kontoret og regionen skal imøtekomme brukarane sine behov.
Kvalifikasjonar:
- utdanning på bachelor-nivå gjerne innanfor samfunnsfag, sosialfag eller helsefag. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne. (minimum B2)
- gode digitale ferdigheiter
Det er ønskeleg at du har erfaring frå:
- tverrfagleg samarbeid
- samarbeid med arbeidsgjevar og/eller utdanningsinstitusjonar
- oppfølgingsarbeid med vanskelegstilte, flyktningar, ungdom eller familiar
- sakshandsaming og bruk av lovtolking
- kjennskap til inkluderingsarbeid og inkluderingskompetanse i NAV
Personlege eigenskapar:
- pågangsmot
- god på motivasjons- og endringsarbeid med menneske og verdset brukarmedverknad
- har gode samarbeidsevner, er positiv, tydeleg og løysingsorientert.
- er strukturert og arbeider med god kvalitet i oppfølging og saksbehandling.
- tek ansvar for eiga utvikling og medverkar til utvikling av andre sin kompetanse i kontoret
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr:
- eit sosialt arbeidsmiljø med engasjerte kollegar kor arbeidsmiljø verdsetjast høgt
- trening i arbeidstid og fleksitid
- stor fleksibilitet og påverknad på din eigen arbeidsdag
- rettleiing og fagleg oppfølging
- meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver i engasjerte tverrfaglege team
- eit miljø for å skape gode tenester for innbyggjarane i Sunnfjord kommune
- tilsetting i Sunnfjord kommune med løn etter gjeldande kommunale løns og pensjonsvilkår
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
07.07.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5791723Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 22.06.2024