• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    25.06.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6899, BALESTRAND
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6649915
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Ledigt jobb

Sogndal kommune

Vikarar bu- og miljøtenesta, sone Balestrand – gratis overnatting, langvakter, og langfri

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ynskjer du ein jobb som gir deg både erfaring og gode minner? Då vil me gjerne høyre frå deg! 

Bu- og miljøtenesta søkjer vikarar for sommaren 2026 og gjerne lenger. Me har 3 bueiningar fordelt på ulike lokasjonar i Balestrand.  

Me er ei stor personalgruppe som yter gode og forsvarlege tenester til våre brukarar. Me yt teneste til brukarar i alle aldrar og med ulikt funksjonsnivå. Vil du ha ein lærerik og givande jobb bør du søkje hjå oss!  

Tenestemottakar har dei eigen bil som kan nyttast ved gjennomføring av aktivitetar saman med dei. 

 Arbeidsoppgåver:  

  • Yte nødvendig og forsvarlig helsehjelp. 

  • Rettleie i dagleglivets gjeremål som for eksempel matlaging, stell og aktivitetar. 

Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til vekst og utvikling. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukar, pårørande og kollegaer internt og eksternt. 

Kvalifikasjonar: 

  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. 

  • Vere fylt 18 år, søkjarar under kan bli vurdert til andre oppgåver 

  • Ynskjeleg med førarkort Klasse B/manuelt gir 

  • Ynskjeleg at søkjaren har erfaring med mennesker med nedsatt funksjonsevne. 

 Me oppmodar verne- og sjukepleiar studentar til å søkje. 

Personlege eigenskapar: 

  • Gode samarbeidsevner for å nå felles mål 

  • Reflektert, løysingsorientert, fleksibel og tålmodig. 

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne 

  • Evne til å skape tillit mellom seg og tenestemottakarane 

Me tilbyr: 

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Gode velferdsordningar 

  • Gratis overnatting mellom vakter om du pendlar. 

Den som vert tilsett må leggje fram tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato, og politiattest av ny dato. 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med prøvetid på 6 månader. 

I følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    25.06.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6899, BALESTRAND
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6649915
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune