Ledig stilling

Sogndal kommune

Sommarvikar i heimetenesta i Sogndal

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du ha ein sommarjobb som betyr noko? Bli sommarvikar i Heimetenesta Sogndal! 

Hjå oss får du ein jobb der du gjer ein forskjell kvar dag! Du blir ein del av eit omsorgstilbod der tryggleik, individuell tilrettelegging og fagleg kvalitet står i sentrum. 

Vil DU verta vår kollega til sommaren?

Me treng deg som er motivert, engasjert og sjølvstendig til å gjera det beste for våre brukara og deira pårørande. Som vikar hjelper du menneske til å få ein verdifull og meiningsfylt kvardag gjennom praktisk bistand, gode samtalar og ved å skape små, positive opplevingar som betyr mykje. 

Ynskjer du ein spennande og lærerik sommarjobb, håper me at du søkjer jobb hjå oss. 

Fint om du kan presisere kvar du helst vil jobbe: Heimetenesta, som heimehjelp eller på dagsenteret.

Sjukepleiar,- vernepleiar,- og medisinstudentar vert oppfordra til å søkje.  

Tilsetjing vil skje fortløpande. Turnus med arbeid kvar 2/3 helg, og med moglegheiter for langvakter på 14,5 timer på helg.  

Arbeidsoppgåver: 

  • Yte god og trygg helsehjelp til bebuarar i heimetenesta og omsorgsbustad. 

  • Kvardagsrehabilitering 

  • Varierte arbeidsoppgåver 

  • Yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag 

Arbeidsperioden vil vera frå veke 25 til veke 36. Søkjarar som kan jobbe heile perioden vert prioriterte. 

Kvalifikasjonar: 

  • Du må ha fylt 18 år, og ha førarkort klasse B 

  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg 

  • Politiattest 

Personlege eigenskapar: 

  • Positiv innstilling og løysningsorientert 

  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i eit team 

  • Skape tillit og aksept og engasjement for å jobbe med menneske 

  • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt. 

Me tilbyr: 

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 
  • Løn etter tariff 
  • God opplæring 

Me ynskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjera vårt beste for at du skal trivast.

 

Og du, som sommarvikar i denne stillinga får du høve til å delta på Sognacamp! Sognacamp er ei fem veker lang sommaroppleving for dei heldige som har sommarjobb i Sogn. Målet er å gi deg ein verdifull inngang til arbeidslivet, samstundes som du får utforske moglegheitene i vakre Sogn og bli kjend med andre som har sommarjobb her.

Vil du ha ein sommar du aldri gløymer? Då er Sognacamp for deg! Du får meir informasjon og høve til å melde deg på når du har fått tilbod om sommarjobben. Les meir her: Sognacamp

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest