Company
Sogndal kommuneApplication deadline
25.06.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6899, BALESTRAND
SOGNDAL
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
6649915Look here for other jobs from Sogndal kommune
Sogndal kommune
Vikarar bu- og miljøtenesta, sone Balestrand – gratis overnatting, langvakter, og langfri
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ynskjer du ein jobb som gir deg både erfaring og gode minner? Då vil me gjerne høyre frå deg!
Bu- og miljøtenesta søkjer vikarar for sommaren 2026 og gjerne lenger. Me har 3 bueiningar fordelt på ulike lokasjonar i Balestrand.
Me er ei stor personalgruppe som yter gode og forsvarlege tenester til våre brukarar. Me yt teneste til brukarar i alle aldrar og med ulikt funksjonsnivå. Vil du ha ein lærerik og givande jobb bør du søkje hjå oss!
Tenestemottakar har dei eigen bil som kan nyttast ved gjennomføring av aktivitetar saman med dei.
Arbeidsoppgåver:
Yte nødvendig og forsvarlig helsehjelp.
Rettleie i dagleglivets gjeremål som for eksempel matlaging, stell og aktivitetar.
Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til vekst og utvikling. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukar, pårørande og kollegaer internt og eksternt.
Kvalifikasjonar:
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Vere fylt 18 år, søkjarar under kan bli vurdert til andre oppgåver
Ynskjeleg med førarkort Klasse B/manuelt gir
Ynskjeleg at søkjaren har erfaring med mennesker med nedsatt funksjonsevne.
Me oppmodar verne- og sjukepleiar studentar til å søkje.
Personlege eigenskapar:
Gode samarbeidsevner for å nå felles mål
Reflektert, løysingsorientert, fleksibel og tålmodig.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Evne til å skape tillit mellom seg og tenestemottakarane
Me tilbyr:
Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Gratis overnatting mellom vakter om du pendlar.
Den som vert tilsett må leggje fram tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato, og politiattest av ny dato.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med prøvetid på 6 månader.
I følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
25.06.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6899, BALESTRAND
SOGNDAL
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
6649915Look here for other jobs from Sogndal kommune
-
Sommarvikar i heimetenesta i Sogndal
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Sakshandsamar ved tildelingskontoret
Sogndal kommune
SOGNDAL -
100% fast stilling som psykiatrisk sjukepleiar
Sogndal kommune
Leikanger -
Helsefagarbeidarar til korttid/KAD/rehab og langtidsavdelinga
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Rocket-Man søkjer aktivitetsguidar
Sogndal kommune
SOGNDAL