Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
26.12.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5986390Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Erfaringskonsulent
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga
Ungdomstenesta er ei eining i kommunen under kommunalsjefområdet oppvekst. Tenesta er tverrfagleg samansett og arbeider på tvers av helse og oppvekst. Her arbeider ein for å gje barn og unge tidleg og rett hjelp.
Vi søkjer deg som har eit avklart forhold til eiga erfaring som forelder til barn med rus-problematikk og/eller psykisk helse-problematikk, og som ønskjer å arbeide tett med ungdom og foreldre som står i vanskelege livssituasjonar. Som erfaringskonsulent i Ungdomstenesta skal du bruka di eiga erfaring til å bidra med kompetanse i arbeidet med å utvikla gode tenester for ungdomar og familiane deira. Arbeidet vil også innebera å gje tett og individuell oppfølging til ungdomar og familiar, og samarbeida med andre tenester.
Ungdomstenesta skal driva oppsøkjande arbeid på ettermiddagstid. Du må difor rekna med noko fast ettermiddagsarbeid utover ordinær arbeidstid.
Arbeidsoppgåver- Individuell oppfølging av ungdom
- Oppsøkjande arbeid
- Familiearbeid
- Utvikling av tenestetilbod
- Samarbeid med andre instansar, inkludert frivillige organisasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Krav til politiattest
- Førarkort klasse B og disponera eiga bil
- Arbeida med eiga erfaring i foreldrerolla med rus-problematikk og/eller psykisk helse-problematikk
- Erfaring med arbeid med barn og unge
- Erfaring med familiearbeid
- God på relasjonsbygging
- Trygg på deg sjølv
- Fleksibel
- Løysingsorientert
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Konstituert einingsleiar Annette Henden, mobiltelefon 977 06 783
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at medarbeidarane våre i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkja jobb hos oss – uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom medarbeidarane har behov for det.
Etter utløpet av søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje verta ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om det.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
26.12.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5986390Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Pedagogisk leiar 100% fast
Øygarden kommune
STRAUME -
Avdelingsleiar for integrering Øygarden lærings- og integreringssenter
Øygarden kommune
RONG -
Sjukepleiar 100% fast stilling ved Kvednatunet
Øygarden kommune
Ågotnes -
Ferievikarar Helse og velferd 2025
Øygarden kommune
STRAUME -
Barne- og ungdomsarbeidarar / assistentar som ringevikar.
Øygarden kommune
STRAUME