Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
31.12.2024Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5950475Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 09.11.2024
Øygarden kommune
Barne- og ungdomsarbeidarar / assistentar som ringevikar.
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Arbeidsoppgåver:- Omsorg og leik med barna
- Følge barnehagen sine rutinar og planar
- Gje støtte og hjelp til born i læringsarbeid, sosial utvikling og i samspel med andre
- Oppfølging av born med særlege behov
- Planleggje og gjennomføre aktivitetar i barnehage
- Fagbrev som Barne- og ungdomsarbeidar, anna relevant utdanning eller erfaring blir vurdert.
- Ønskjeleg med erfaring frå barnehage eller tilsvarande arbeid
- Vi søkjer deg som er løysningsfokusert, omsorgsfull og initiativrik
- Du er ein trygg vaksen som likar å jobbe med barn
- Du er påliteleg, ansvarsbevisst og har godt humør
- Du er omgjengeleg og ein god kollega
- Gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner
- God arbeidskapasitet
- Fleksibel
- Gode evner til å byggje relasjonar til barn, føresette og kollegaer
- God evne til å løyse komplekse utfordringar
- Evne til å jobbe effektivt, strukturert og systematisk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Det blir fortløpande intervju etter kvart som det kjem inn søknader.
KontaktVibecke Gunby, Klokkarvik barnehage, tlf: 91 33 49 60.
Else Glesnes, Skogsvåg barnehage, tlf: 95 11 32 02.
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har ønskje om å ikkje verte ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
31.12.2024Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5950475Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 09.11.2024