Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
20.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5337, RONG
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5980161Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Avdelingsleiar for integrering Øygarden lærings- og integreringssenter
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om arbeidsplassen:
På grunn av omorganisering av kommunen sitt arbeid med integrering, er stillinga frå 1.januar knytt til eit nytt Lærings- og integreringssenter, organisert under Barne- og Familiesjefen og kommunalsjef for Oppvekst. Eininga er lokalisert sentralt på Straume og dei tilsette er ei samansett gruppe av stillingar knytt til dagens vaksenopplæring og andre kommunale stillingar knytt til arbeidet med busetjing og integrering av flyktningar og innvandrar. Målet er «ein veg inn» for målgruppa vår, og vi er svært opptatt av heilskapleg samhandling og av kvalitet i, og koordinering av, tenestene nye innbyggarar i kommunen har rett på og behov for.
Om stillingaStillinga er ein kombinasjon av 50% leiings- og 50% driftsoppgåver.
Arbeidsoppgåver:- Fagleg ansvar for busetjing og oppfølging av flyktningar
- Bidra til eit breitt og heilskapleg arbeid med integrering av heile familiar
- Leie eit team med tilsette som jobbar med busetjing, kvalifisering og sosialfagleg oppfølging
- Overordna ansvar for sakshandsaming knytt til introduksjonsprogrammet, integreringsplan, utbetaling av introduksjonsstønad, og koordinering av tenester internt og eksternt
- Samarbeid om drifta og innhaldet i Introduksjonsprogrammet med leiargruppa i eininga og helsetenesta for flyktningar
- Overordna ansvar for kartlegging og kvalifiseringstiltak på individ og gruppenivå
- Rettleiing og fagleg oppfølging av dei tilsette sitt arbeid med integreringsplan, arbeidsretta tiltak, arbeidspraksis og overgang til arbeid og/eller vidare oppfølging i NAV
- Tverrfagleg samarbeid knytt til bustadkontor, barnehage og skule, helse, kultur og frivillige organisasjonar om tiltak og deltaking i fritidstilbod
- Arbeid med prosjektsøknader og tenesteutvikling, samordne søknader om Funkhem-midlar og budsjettrapportering i samarbeid med leiargruppa i eininga
- Prognoser og statistikk
Kvalifikasjonar: Må ha:
- Relevant utdanning på minst bachelornivå
- Kjennskap til og erfaring med integreringsarbeid og gjeldande lovverk
- Eit heilskapleg perspektiv på integrering og busetjing
- Rettleiingskompetanse og oppfølging av tilsette og deltakarar
- God formidlingsevne munnleg og skriftleg
- Samhandlingskompetanse og ynskje om å jobbe tett i eit breidt team
- Motivasjon og interesse for kvalitetssikring og tenesteutvikling
- Gode system- og IKT-kunnskapar
- Erfaring med forvaltning og sakshandsaming
- Erfaring med integrerings- og kvalifiseringsarbeid
- Kunnskap om budsjett og prosjektrapportering
- Kunnskap om Integreringslova og Opplæringslova for vaksne
- Erfaring med fagsystemet Visma FlyVo
- Kjennskap til NAV sine system og arbeidsmarknadstiltak
- Anna erfaring eller utdanning knytt til migrasjon og integrering
- Erfaring frå arbeid med løn, personal- og arbeidsgjevarspørsmål
- Du har gode organisatoriske evner, og må kunne arbeide strukturert, målretta og sjølvstendig, samt levere oppgåver innan tidsfristar.
- Du er engasjert og kan motivere og inspirere medarbeidarane dine.
- Du har gode evner til samarbeid og samhandling, både internt i eininga og eksternt i samarbeid med andre tenester som t.d skule/bhg, helse og NAV.
- Du er ein aktiv relasjonsbyggar og skapar eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima.
- Du er omstillingsdyktig og løysingsorientert, og trivast i ein organisasjon som er i stadig endring.
- Du har eigenskapar som tilfører noko til leiargruppa og passar godt med kollegiet
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
- Høve til å vere med å påverke korleis kommunen jobbar med innvandrar og flyktningar
- Meiningsfulle oppgåver knytt til busetjing og integrering
- Eit svært godt fagmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
For spørsmål om stillinga, send e-post til:
Einingsleiar Nina Håvik Pettersen nina.pettersen@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
20.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5337, RONG
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5980161Se her for andre jobber fra Øygarden kommune