Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
31.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Ågotnes
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5982162Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Sjukepleiar 100% fast stilling ved Kvednatunet
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Kvednatunet er ein omsorgsbustad med heildøgns tenester for personar med demens diagnose. Huset består av 40 leiligheter fordelt på 4 bufellesskap. Her er det tverrfaglege i fokus, med lege 3 dagar i veka, sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, aktivitør - og musikkterapeut med fleire for å prøve dekke bebuarane sine behov.
Vi har no behov for ein ny sjukepleiar i 100% fast stilling.
Arbeidsoppgåver:- Sjukepleiarfaglege oppgåver som legevisitt, dosering, palliativ pleie
- Ivareta pasientane sine individuelle behov
- Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutiner og gjeldende lovverk.
- Ivareta sjukepleie fagleg ansvar på vakt.
- Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
- Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling.
- Autorisasjon sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
- Ønskjer å jobbe med demente
- Evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert
- Du er engasjert, ansvarsbevisst og løysningsorientert.
- Gode samhandlingsferdigheiter
- Evne til å takla stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
- Fleksibel
- Evne til å væra med å skapa eit godt arbeidsmiljø
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Ingen krav til eigenkapital og opptil 100% finansiering av eigen bustad: Startlån
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
31.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Ågotnes
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5982162Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Helsefagarbeidar 100% vikariat
Øygarden kommune
STRAUME -
60% vikariat vaken nattevakt
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Helsefagarbeidar 30% vaken nattevakt på helg
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Rådgjevar/Jurist 100% fast innan lovbrotsoppfølging
Øygarden kommune
STRAUME -
Helsefagarbeidar 100% (80% på Skogsvåg arb.-oppl.senter og 20% Grønebakkane bustader)
Øygarden kommune
Skogsvåg