• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    08.06.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6534859
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
  • Uppdaterad 23.05.2026
Ledigt jobb

Sogndal kommune

Omsorg, faglegheit og fellesskap – bli med på laget!

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune søkjer deg som vil jobbe fast i sone Sogndal.  

Her får du ein jobb der du er tett på menneske og der du faktisk ser at det du gjer har verdi i kvardagen til den enkelte.  

Grunna eit auke i vedtak, ser vi etter fleire gode kollegaer som vil bli ein del av vår gjeng!  

Me har no ledig 2 x 100% og 1 x 80%, med oppstart snarast. I tillegg til dette har vi óg helgestillingar som blir ledig frå hausten.  

Det kan bli aktuelt å tilsetje i fleire stillingar enn dette, ettersom behova kan endre seg, gi gjerne beskjed dersom du ønskjer å bli vurdert for fleire stillingar. 

  • Aktivitetar tilpassa den enkelte sine interesser og utvikling 

  • Samarbeid med pårørande og andre fagpersonar 

  • Dokumentasjon og fagleg oppfølging 

Du blir ein del av eit team, men mykje av jobben handlar om relasjonen mellom deg og den du jobbar med. 

Kva går jobben ut på? 
I bu- og miljøtenesta jobbar me med barn, unge og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar og samansette behov. Målet er å skape trygge, meiningsfulle og føreseielege kvardagar. 

Arbeidet kan mellom anna innebere: 

  • Praktisk og sosial støtte i heim og bustad 

  • Miljøarbeid og struktur i kvardagen 

Kvifor søkje denne stillinga? 
Du får føreseielegheit, fagmiljø og utvikling – ikkje berre ekstravakter eller deltidsarbeid.  

Hos oss får du: 

  • Fast tilsetjing med prøvetid på 6 månader 

  • Opplæring og rettleiing 

  • Eit fagmiljø som bryr seg om kvalitet 

  • Lønn etter gjeldande avtaleverk 

  • Ein arbeidskvardag der du faktisk betyr noko 

Kven ser me etter? 
Me vil gjerne snakke med deg som er miljøterapeut, miljøarbeidar eller miljøassistent. 

Du må vere over 18 år. Det er ein fordel med erfaring eller utdanning innan helse, sosialfag eller arbeid med barn og unge, men det viktigaste er kven du er. 

Me ser etter deg som: 

  • Er trygg og tolmodig 

  • Har evne til å skape tillit 

  • Er omsorgsfull og tydeleg 

  • Klarer å stå i krevjande situasjonar 

  • Ser moglegheiter framfor avgrensingar 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Du må ha sertifikat og tilgang til bil. Grunna behov hos tenestemottakar oppmodar med spesielt kvinner til å søkje. 

Praktisk informasjon 

  • Faste stillingar 

  • Oppstart snarast 

  • Arbeidsstad: Sogndal 

  • Politiattest av ny dato må leggjast fram før tilsetjing 

  • Teiepliktsskjema må underteiknast 

 Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. 

I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla før eventuell offentleggjering. 

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    08.06.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6534859
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
  • Uppdaterad 23.05.2026