Company
Sogndal kommuneApplication deadline
02.03.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
6534859Look here for other jobs from Sogndal kommune
Sogndal kommune
Bu- og miljøtenesta: Vil du bli vår nye kollega i eit godt og spennande fagmiljø?
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune søkjer deg som vil jobbe fast i sone Sogndal. Her får du ein jobb der du er tett på menneske og der du faktisk ser at det du gjer har verdi i kvardagen til den enkelte.
Me har no ledig 100 % fast stilling og 22,89 % fast helgestilling, med oppstart snarast.
Det kan bli aktuelt å tilsetje i fleire stillingar enn dette, ettersom behova kan endre seg, gi gjerne beskjed dersom du ønskjer å bli vurdert for fleire stillingar.
Kva går jobben ut på?
I bu- og miljøtenesta jobbar me med barn, unge og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar og samansette behov. Målet er å skape trygge, meiningsfulle og føreseielege kvardagar.
Arbeidet kan mellom anna innebere:
Praktisk og sosial støtte i heim og bustad
Miljøarbeid og struktur i kvardagen
Aktivitetar tilpassa den enkelte sine interesser og utvikling
Samarbeid med pårørande og andre fagpersonar
Dokumentasjon og fagleg oppfølging
Helgestilling med arbeid hver 4. helg (langvakter opptil 12,5 time)
100% stilling med kombinasjonsturnus (todelt og langvakter opptil 12,5 time)
Du blir ein del av eit team, men mykje av jobben handlar om relasjonen mellom deg og den du jobbar med.
Kvifor søkje denne stillinga?
Du får føreseielegheit, fagmiljø og utvikling – ikkje berre ekstravakter eller deltidsarbeid.
I tillegg får du sjølvsagt:
Fast tilsetjing med prøvetid på 6 månader
Opplæring og rettleiing
Eit fagmiljø som bryr seg om kvalitet
Lønn etter gjeldande avtaleverk
Me vil gjerne snakke med deg som er miljøterapeut, miljøarbeidar eller miljøassistent. Du må vere over 18 år. Det er ein fordel med erfaring eller utdanning innan helse, sosialfag eller arbeid med barn og unge, men det viktigaste er kven du er.
Me ser etter deg som:
Er trygg og tolmodig
Har evne til å skape tillit
Er omsorgsfull og tydeleg
Klarer å stå i krevjande situasjonar
Ser moglegheiter framfor avgrensingar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Du må ha sertifikat og tilgang til bil. Grunna behov hos tenestemottakar oppmodar med spesielt menn til å søkje.
Praktisk informasjon:
100 % fast stilling
Oppstart snarast
Arbeidsstad: Sogndal
Politiattest av ny dato må leggjast fram før tilsetjing
Teiepliktsskjema må underteiknast
Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk.
I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla før eventuell offentleggjering.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
02.03.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
6534859Look here for other jobs from Sogndal kommune