Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
08.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6534859Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 23.05.2026
Sogndal kommune
Omsorg, faglegheit og fellesskap – bli med på laget!
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune søkjer deg som vil jobbe fast i sone Sogndal.
Her får du ein jobb der du er tett på menneske og der du faktisk ser at det du gjer har verdi i kvardagen til den enkelte.
Grunna eit auke i vedtak, ser vi etter fleire gode kollegaer som vil bli ein del av vår gjeng!
Me har no ledig 2 x 100% og 1 x 80%, med oppstart snarast. I tillegg til dette har vi óg helgestillingar som blir ledig frå hausten.
Det kan bli aktuelt å tilsetje i fleire stillingar enn dette, ettersom behova kan endre seg, gi gjerne beskjed dersom du ønskjer å bli vurdert for fleire stillingar.
Aktivitetar tilpassa den enkelte sine interesser og utvikling
Samarbeid med pårørande og andre fagpersonar
Dokumentasjon og fagleg oppfølging
Du blir ein del av eit team, men mykje av jobben handlar om relasjonen mellom deg og den du jobbar med.
Kva går jobben ut på?
I bu- og miljøtenesta jobbar me med barn, unge og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar og samansette behov. Målet er å skape trygge, meiningsfulle og føreseielege kvardagar.
Arbeidet kan mellom anna innebere:
Praktisk og sosial støtte i heim og bustad
Miljøarbeid og struktur i kvardagen
Kvifor søkje denne stillinga?
Du får føreseielegheit, fagmiljø og utvikling – ikkje berre ekstravakter eller deltidsarbeid.
Hos oss får du:
Fast tilsetjing med prøvetid på 6 månader
Opplæring og rettleiing
Eit fagmiljø som bryr seg om kvalitet
Lønn etter gjeldande avtaleverk
Ein arbeidskvardag der du faktisk betyr noko
Kven ser me etter?
Me vil gjerne snakke med deg som er miljøterapeut, miljøarbeidar eller miljøassistent.
Du må vere over 18 år. Det er ein fordel med erfaring eller utdanning innan helse, sosialfag eller arbeid med barn og unge, men det viktigaste er kven du er.
Me ser etter deg som:
Er trygg og tolmodig
Har evne til å skape tillit
Er omsorgsfull og tydeleg
Klarer å stå i krevjande situasjonar
Ser moglegheiter framfor avgrensingar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Du må ha sertifikat og tilgang til bil. Grunna behov hos tenestemottakar oppmodar med spesielt kvinner til å søkje.
Praktisk informasjon
Faste stillingar
Oppstart snarast
Arbeidsstad: Sogndal
Politiattest av ny dato må leggjast fram før tilsetjing
Teiepliktsskjema må underteiknast
Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk.
I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla før eventuell offentleggjering.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
08.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6534859Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 23.05.2026