Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
12.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6863, LEIKANGER
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6578077Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Pedagogisk leiar + barnehagelærar i Nybø barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du klar for interessante arbeidsoppgåver? No har me ledig eitt års vikariat som pedagogisk leiar og ei stilling i vikariat som barnehagelærar i Nybø barnehage i Sogndal kommune.
Nybø barnehage ligg i Leikanger, omlag 20 kilometer frå Sogndal sentrum. Barnehagen ligg like ved riksvegen med busstopp rett ved.
Nybø barnehage har inneverande barnehageår 53 barn fordelt på 3 avdelingar. Me har to aldersblanda einingar i Fylkesmannsgarden og ei småbarnseining i Sorenskrivargarden. Begge bygga er flotte bygg frå midten av 1800-talet, med sjel og eit koseleg miljø.
Barnehagen ligg fint til i solrike omgjevnadar heilt nede ved fjorden. Nærleik til flott natur med skog og mark, badestrand, sentrum, idrettshall og andre funksjonar. Temaet for barnehageåret 2025/2026 er friluftsliv og matglede.
Nybø barnehage har fleire tydelege satsingsområde som pregar kvardagen og arbeidet vårt. Me jobbar målretta med å sikre ein god overgang frå barnehage til skule, slik at barna får ein trygg og samanhengande start på vidare opplæring.
Samstundes har me fokus på å styrke robuste barn og unge gjennom arbeid med livsmeistring, der barna får utvikle sjølvkjensle, relasjonar og evne til å handtere ulike situasjonar.
Eit inkluderande barnehagemiljø er òg sentralt i alt me gjer, og me arbeider aktivt for at alle barn skal oppleve tilhøyrsle, tryggleik og fellesskap.
I Nybø barnehage får du 16 kollegaer med høg kompetanse, og god miks i alder. Leiinga består av styrar og assisterande styrar.
Me søkjer no etter:
-100% vikariat som pedagogisk leiar frå 01.08.2026 – 31.07.2027
-100% vikariat som barnehagelærar frå snarast - 31.07.2027.
Arbeidsoppgåver:
- Sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø
- Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det
- Pedagogiske arbeidet
- Medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet i teamet vårt
- Fagleg leiing, medleiing og drift av avdeling i barnehagen
- Bidra til eit godt samarbeid med føresette
- Ansvar for rettleiing og tilrettelegging for fagarbeidarar, assistentar og lærlingar
Kvalifikasjonar:
- Godkjend barnehagelærarutdanning, ev. anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse
- Du må kunne nytte ikt i arbeidet og vere villig til å del i den teknologiske utviklinga
- Beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
- Menn vert oppmoda om å søkje
Personlege eigenskapar vert vektlagde:
- Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
- Fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar
- Evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa, med føresette og medarbeidarar
- Gode samarbeidsevner og fleksibel
- Taklar høgt tempo i kvardagen
- Godt humør
Me tilbyr ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø med gode høve for å ta del i utvikling av barnehagen, fagleg og personleg. Me har gode pensjons- og forsikringsordningar og gode velferdsordningar.
Du kan bli betre kjend med Sogndal kommune og barnehagen her:
Oppvekst og utdanning - SOGNDAL KOMMUNE
Nybø barnehage - SOGNDAL KOMMUNE
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Politiattest av ny dato må leggast fram før tilsetjing.
Søknadar må leverast innan fristen og sendast via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
12.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6863, LEIKANGER
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6578077Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Barne- og ungdomsarbeidar/ assistent i Nybø barnehage
Sogndal kommune
LEIKANGER -
Barnehagelærar i Fosshagen utdanningsbarnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Barnehagelærar i Furuli barnehage - bli med på leikelaget!
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Assisterande styrar i Nybø barnehage
Sogndal kommune
LEIKANGER -
Barnehagelærar: 100% fast stilling i Sagatun barnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL