Company
MattilsynetApplication deadline
14.04.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Direktorater og tilsynsorganEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
4262, AVALDSNES
KARMØY
Number of positions
1Career-kode
6150975Look here for other jobs from Mattilsynet
Mattilsynet
Vikar som førsteinspektør/seniorinspektør, grensekontrollstasjonen Haugesund Havn, Karmøy
Direktorater og tilsynsorgan
Grensekontrollstasjonen Haugesund Havn på Karmøy blei opna våren 2023. Grensekontrollen er godkjent for alle produktkategoriar innan animalske produkt med unntak av levande dyr. For å kontrollere varer frå tredje land har vi behov for førsteinspektør/seniorinspektør som kan jobbe ved grensekontrollstasjonen.
Du vil få ein variert arbeidskvardag og vil jobbe i eit tverrfagleg miljø. I hovudsak vil oppgåvene utføres ved grensekontrollstasjonen, men du vil også ha kontorplass i Mattilsynets lokaler på Aksdal.
Mattilsynet er i ein organisasjonsendring, der vi skal gå frå regionale avdelingar til fagorganisering i divisjonar. Dette vikariatet vert ein del av Tilsynsdivisjon mat og grensekontroll, avdeling grensekryssende varer, seksjon grensekontroll.
Kvalifikasjoner:
Vi ser etter deg som:
- Har bachelor eller master innan relevante fagområde for eksempel veterinærfag, matvitenskap, biologi eller tilsvarande
- Kommuniserer tydeleg, snakkar og skriv flytande norsk og engelsk
- Har evne til å tilpasse deg nye digitale løysingar
- Har førarkort klasse B
Personlige egenskaper:
- God rolleforståing, og evnar å gjere gode vurderingar i forvaltninga av regelverket
- Kan kombinere samarbeid internt i teamet og på tvers av fagområde med å jobbe sjølvstendig
- Du er god til å rettleie og formidle det komplekse på ein forståeleg måte, og finne løysingar
- Er fleksibel i arbeidskvardagen, du kan planlegge godt, ta gode avgjersler i ein hektisk arbeidsdag, og kan tilpasse deg endringar
- Kan takle vaktordning med rullering i arbeidstid dag, kveld og helg.
Personleg eignaheit og korleis du passer inn i teamet er ein viktig del av vurderinga, slik at vi saman får løyst samfunnsoppdraget.
Vi tilbyr:
- Vikariat som førsteinspektør (stillingskode 1498) eller seniorinspektør (stillingskode 1499) med lønn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. For tida årslønn frå kr 550.000 - 730.000 for samanliknbare stillingar i Mattilsynet.
- Ordna arbeidsforhold, overtid og ugunstig arbeidstid blir kompensert i samsvar med gjeldande regelverk
- Arbeid med eit spennande og viktig samfunnsoppdrag, i ein organisasjon i endring
- Faglege utfordringar og moglegheit for kompetanseheving i eit arbeidsmiljø prega av sterkt engasjement, stor arbeidsglede og kollegastøtte.
- Medlem i Statens pensjonskasse med gode låne- pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du:
Søknaden blir motteke elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem, Webcruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan leggje inn søknaden. Vi ber om at du lastar inn vitnemål og attestar som vedlegg. Ver vennleg å oppgi to referanser i søknaden.
Company
MattilsynetApplication deadline
14.04.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Direktorater og tilsynsorganEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
4262, AVALDSNES
KARMØY
Number of positions
1Career-kode
6150975Look here for other jobs from Mattilsynet