• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    27.04.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6415, MOLDE
    MOLDE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6163541
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Vil du sørge for at våre fartøy er i topp teknisk stand?

Ferger

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan grønt skifte og teknologi, og vi står i front med ein fartøysportefølje som er blant dei mest teknisk avanserte i verda. Vi har eit sterkt fokus på å vere best på miljøvennleg og påliteleg ferje- og hurtigbåttransport.

For å styrke den tekniske kompetansen og forbetre drifta har vi samla alle våre tekniske inspektørar og fagkompetanse i ei ny teknisk avdeling i drifstorganisasjonen. Vi ønsker å styrke dette laget og er no på jakt etter nye tekniske inspektørar. Er du ein teknisk dyktig og løysingsorientert person som ønskjer å vere med på å sikre at våre fartøy og ladeanlegg held topp kvalitet? Då er du den vi leitar etter!

Som teknisk inspektør vil du i lag med ditt team få ansvar for ei definert portefølje. Dette betyr mellom anna at du vert ansvarleg for fartøy & ladeanlegga sin tekniske tilstand, og for at dei til ei kvar tid er teknisk operative.  

Du vil være eit viktig bindeledd mellom landorganisasjonen og fartøya som er i drift. Som teknisk inspektør bistår du fartøya ved eventuelle tekniske utfordringar, styrer budsjett for fartøya og du er med å både planlegge og gjennomføre verkstadopphald. 

Her treng du ikkje superkrefter men du må ha god teknisk kompetanse. Du må kunne handtere komplekse problemstillingar, og du har høg gjennomføringsevne. Du må like å operere sjølvstendig, og skape gode relasjonar til kollegaer. 

Kvifor skal du søkje?

Som teknisk inspektør hos Fjord1 får du moglegheita til å vere med på å forme framtida for eit av dei mest spennande og innovative selskapa innan grønn maritim transport. Du vil få jobbe med tekniske utfordringar på verdsleiande fartøy og tett med eit sterkt team av fagfolk. Vi tilbyr ei sjølvstendig stilling med stort ansvar, der du får ta eigne beslutningar og vere med på å sikre høg teknisk standard på våre fartøy. Hos oss får du gode moglegheiter for fagleg utvikling og vekst, og du blir ein del av eit arbeidsteam med høgt fokus på trivsel og samarbeid. Vi legg stor vekt på fleksibilitet, og hos oss får du mulighet til å påverke både arbeidsmetodar og tekniske løysingar.

Kvalifikasjoner:

Vi ser etter ein teknisk dyktig og sjølvstendig person som har eit sterkt engasjement for kvalitet og driftssikkerheit. Du har evne til å handtere utfordringar og finne løysingar på komplekse problem. Du trives i ei sjølvstendig rolle, men veit også at samarbeid er nøkkelen til suksess. Som teknisk inspektør hos oss vil du ta ansvar for viktige tekniske oppgåver, og vi ønskjer ein person som er proaktiv og har høg gjennomføringsevne.

For å lykkast og trivast i rolla ser vi for oss at du har:

  • Høgare utdanning innan tekniske fag, helst maskin, elektro, nautikk eller liknande
  • Kjennskap til skip og maritim drift
  • Gode ferdigheiter i norsk og engelsk, både muntleg og skriftleg
  • Er komfortabel med bruk av IT som arbeidsverktøy
  • Strukturert og løysingsorientert, med evne til å jobbe sjølvstendig
  • Evne til å samarbeide og kommunisere effektivt med både kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar

Vi tilbyr:

Hos Fjord1 får du moglegheita til å jobbe med verdsleiande teknologi og vere med på å skape framtidas grønne transportløysingar. Du vil få ansvar og moglegheita til å påverke viktige tekniske avgjerder, samtidig som du får høve til å utvikle deg fagleg. Vi legg stor vekt på trivsel på arbeidsplassen og tilbyr fleksible arbeidsvilkår, konkurransedyktig løn og solid pensjonsordning. Hos oss får du eit arbeidsmiljø som legg til rette for både personleg og fagleg vekst, og der innovasjon og samarbeid er i sentrum.

Er du klar for å ta utfordringa og gjere ein forskjell?

Søk no, og bli ein viktig del av Fjord1!


 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    27.04.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6415, MOLDE
    MOLDE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6163541
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA