Bedrift
MattilsynetSøknadsfrist
22.04.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Direktorater og tilsynsorganUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5580, ØLEN
VINDAFJORD
Antall stillinger
1karriere-kode
6157759Se her for andre jobber fra Mattilsynet
Mattilsynet
Veterinær
Direktorater og tilsynsorgan
Veterinærar i slakteritilsynet gjer ein forskjell både innan dyrevelferd og mattryggleik. Vil du bli med på dette viktige arbeidet?
Mattilsynet er opptatt av å sjå matproduksjonen frå start til slutt, frå jord til bord, det såkalla heilkjedeperspektivet. Tilsyn med slakteri er svært sentralt i denne heilkjedetanken. Det omfattar blant anna tilsyn med dyretransport, dyrevelferd og dyrehelse hos levande dyr på slakteriet, hygieniske forhold under slakting og nedskjering og vurdering av patologiske endringar på slaktet. Den store bredda i fagområdet gjer at arbeidet er spennande og utfordrande.
Avdeling Sunnhordland og Haugalandet, seksjon slakteritilsyn, mat og planter søkjer etter ein veterinær. I dag består slakteritilsynet av 11 medarbeidare som rullerer mellom Nortura Sandeid og Fatland Ølen, i tillegg til at me har kontroll ved viltbehandlingsanlegga i sesong. Landdyrslakteria slaktar storfe, småfe og svin og viltbehandlingsanlegga handterar hjortevilt.
Som tilsett hos oss vil du få ein unik moglegheit til å arbeide med viktige samfunnsoppgåver. Teamarbeid står sentralt i organisasjonen, der ein jobbar tett saman for å oppfylle Mattilsynet sitt samfunnsoppdrag. Om du trivst med sjølvleiing, i samarbeid og har god rolleforståing har du gode forutsetningar for å trivast i stillinga.
Mattilsynet er i ein organisasjonsendring, der ein skal gå frå regionale avdelingar til fagorganisering i divisjonar. Denne stillinga vert ein del av Tilsynsdivisjon landdyr og slakteri, avdeling slakteri, seksjon rødt kjøtt Vest og Innlandet frå 1. mai 2025.
Kvalifikasjoner:
- Du må ha norsk autorisasjon som veterinær.
- Du må snakke og skrive flytande norsk.
- Det er ein fordel om du har godkjenning som offentleg veterinær. Dersom du ikkje har dette må du ta det internt i Mattilsynet.
- Erfaring innan tilsynsarbeid og offentleg forvaltning er ein fordel, men ikkje ein forutsetning.
- Gode eigenskaper i data, evne til å lære nye system ved behov.
- Du har førerkort i klasse B.
Personlige egenskaper:
- Har motivasjon for å jobbe innan slakteritilsyn og kjøtkontroll.
- Liker å jobbe i ei faggruppe og har gode samarbeidsevnar, men må også kunne jobbe sjølvstendig.
- Er fleksibel, engasjert og kommuniserer klart og tydeleg.
- Er løsningsorientert og har evne til å prioritere, samt å følge prioriteringar.
- Har god forståing av tilsynsrollen.
- Du kan jobbe effektivt og nøyaktig, og handtere ein hektisk arbeidskvardag med ulike arbeidstider.
- Du bidrar til et positivt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr:
- Fast stilling som førsteinspektør (stillingskode 1498) eller seniorinspektør (stillingskode 1499) med løn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. For tida fra kr. 630.000 til kr. 730.000 for tilsvarande stillingar i Mattilsynet. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert.
- Ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
- Arbeid med eit spanande og viktig samfunnsoppdrag, i ein organisasjon i endring
- Ordna arbeidsforhold med betalt overtid
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse med gode pensjons-, lån- og forsikringsordningar.
Når du sender inn søknad, ber vi om at du legg inn vitnemål og attest som vedlegg.
Bedrift
MattilsynetSøknadsfrist
22.04.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Direktorater og tilsynsorganUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5580, ØLEN
VINDAFJORD
Antall stillinger
1karriere-kode
6157759Se her for andre jobber fra Mattilsynet