Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
16.08.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6670903Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
To vikariat som rettleiar sosial
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
NAV Øygarden er ein spennande arbeidsplass i utvikling, med om lag 80 tilsette fordelt på fire avdelingar. Vi har ansvar for tenester etter folketrygdlova, Nav-lova og lov om sosiale tenester i Nav.
Vi arbeider for at menneske som treng bistand, skal få moglegheit til arbeid og aktivitet. Vi samarbeider tett med næringslivet og hjelper folk til å bli meir sjølvhjelpne.
Vi ser etter deg som er oppteken av utvikling, rettleiing og å motivera andre. Du må kunna samarbeida godt med brukarar, arbeida sjølvstendig og vera ein aktiv del av eit team.
Vi har ledig to vikariat med mogleg lenging. Det eine vikariatet er til 31.12.2026, det andre er til 28.02.2028, begge med mogeleg lenging.
Arbeidsoppgåver
- Kartleggja, avklara og følgja opp brukarar som får tenester etter lov om sosiale tenester
- Gi råd, informasjon og rettleiing
- Behandla søknader om sosialhjelp
- Delta i vaktordning med vakttelefon og andre oppgåver i avdelinga
- Samarbeida med andre avdelingar i NAV og med tenester i kommunen
- Bidra til å bli betre kjende med andre tenester og finna gode løysingar
Kvalifikasjonar
Krav:
- Minst treårig relevant høgare utdanning
- Bachelor i sosialt arbeid, helse- og sosialfag eller samfunnsfag
Det er ein fordel om du har:
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode samarbeidsevner
- Kompetanse i relasjonsbygging
- Rettleiingskompetanse
- God økonomisk forståing
- Erfaring frå NAV
- Erfaring med fleire datasystem
Personlege eigenskapar
- Du møter brukarar der dei er
- Du arbeider både sjølvstendig og i team
- Du bidreg til godt samarbeid med brukarar, kollegaer og samarbeidspartnarar
- Du arbeider strukturert og beheld oversikta i ein travel kvardag
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi legg vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar.
Arbeidsstad
Du får arbeidsplass i nye lokale på Solsio, ved sidan av Sartor senter.
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-verksemd
- Dyktige og motiverte kollegaer
- Varierte og interessante oppgåver
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Eit godt arbeidsmiljø
- Lønn etter gjeldande avtaleverk i Øygarden kommune
Kontakt:
Avdelingsleiar Service og velferd Lin-Torill Fjelde telefon 992 12 951 eller mail: lin.torill.fjelde@nav.no.
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
16.08.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6670903Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Ungdomsrettleiar 2*100% fast
Øygarden kommune
STRAUME -
Faste helgestillingar ledige
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar 90% fast - Øygarden lokalmedisinske senter
Øygarden kommune
STRAUME -
Innsatsteam i heimetenesta søkjer avansert klinisk allmennsjukepleiar
Øygarden kommune
STRAUME -
Helsefagarbeidar 18 -20 % fast stilling , helg
Øygarden kommune
Ågotnes