Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
13.08.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6665724Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Sjukepleiar 90% vikariat i eit år - Øygarden lokalmedisinske senter
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Ved Øygarden Lokalmedisinske senter jobbar flinke sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, ergo-/fysioterapeutar og legar i lag for å gje gode tverrfaglege tenester. Målet er å gje pasientane trygge og profesjonelle tenester, for å skape gode pasientforløp og god overgang til heimen.
Øygarden lokalmedisinske senter inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste. Stillingane her er knytt til Øygarden lokalmedisinske senter og korttidspasientar. Pasientane kjem i hovudsak til oss frå sjukehuset. Vi har tre avdelingar som alle jobbar med korttidspasientar, i tillegg har avdeling Sør fokus på palliasjon, avdeling Nord ØH-pasientar og 2. etg på rehabilitering. Denne stillinga er lagt under avdeling Nord.
Stillinga blir lagt i årsturnus. Deler av stilling ligg i timebank.
Alle sjukepleiarar får eit tillegg på 35 000,-
Arbeidsoppgåver:- Oppfølging, pleie og behandling av pasientane
- Arbeide for å hjelpe pasienten til å nå sine mål og avdekke kva som er viktig for dei
- Arbeide lojalt og aktivt etter Øygarden lokalmedisinske senter sitt krav til kvalitet og fagprosedyrar for å sikre forsvarleg tenester
- Rettleiing, opplæring og utviklingsarbeid
- Tverrfagleg arbeid
- Vere ein god rollemodell for å skape eit kreativt og utviklande fagmiljø
- Autorisert sjukepleiar
- Spesiell interesse eller utdanning innan området eldrehelse/geriatri
- Du er opptatt av pasienten sin rett til medbestemmelse og involverar pårørande
- Du ønskjer å jobbe med korttidspasientar under rehabilitering, palliasjon og øyeblikkleg hjelp innlegging.
- Du tykkjer det gir meining at dei fleste pasientane har nytte av opptrening og rehabilitering.
- Du vil jobbe for å nå måla som blir sett for pasienten
- Du viser engasjement i arbeidet ditt
- Du har respekt for andre og deler din kunnskap med dei som treng det
- Du er er open, nysgjerrig og gir beskjed når det trengs
- Du ønskjer eit spanande fagmiljø med godt kollegafellesskap
- Du har god IT-kunnskap
- Du er systematisk og har god orden
- Du snakkar og skriv godt norsk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Tonje Tangen Alvsvåg - Einingsleiar 997 00 857
Maria Fjeldstad - Avdelingsleiar 941 34 055
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
13.08.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6665724Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Sjukepleiar 65% fast natt - Heimetenesta
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar 100% fast
Øygarden kommune
Ågotnes -
Sjukepleiar/Vernepleiar 100% mellombels
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Helsefagarbeidarar til 2*75% fast stilling
Øygarden kommune
STRAUME -
Helsefagarbeidar 18 -20 % fast stilling , helg
Øygarden kommune
Ågotnes