• Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    21.05.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6617912
  • Look here for other jobs from Giske Kommune
Vacancy

Giske Kommune

Spesialpedagog, ledige stillingar ved Valderøy barneskule, Basen 

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi søkjer engasjerte og kompetente spesialpedagogar, eller pedagogar med relevant vidareutdanning, til ei fast 100 % stilling og eit vikariat i 100 % stilling i den forsterka avdelinga vår i Giske kommune, Basen. Begge stillingane er ledige frå 01.08.2026 og vikariatet gjeld ut skuleåret 2026/2027. Du må oppgi i søknaden dersom du ikkje er aktuell for begge stillingane. 

Basen har 11 elevar med ulik grad og type funksjonsnedsetting. Du vil arbeide saman med eit tverrfagleg personale med høg kompetanse og stort engasjement.

Avdelinga er lokalisert ved Valderøy barneskule og starta opp hausten 2025. Vi har elevar frå 1.–10. trinn. Mange av elevane våre er knytte til ordinære klassar ved skulen, og vi er ein aktiv del av fellesaktivitetar på skulen.

Våre satsingsområde er kommunikasjon, fellesskap og læring. Vi arbeider målretta for å gi elevane størst mogleg sjølvstende og meiningsfull deltaking på livets ulike arenaer. Vi er opptekne av å sjå moglegheiter – ikkje avgrensingar.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Lærarutdanning med spesialpedagogikk. Anna relevant utdanning/kompetanse kan òg bli vurdert 
  • God kompetanse og erfaring i bruk av ASK (alternativ og supplerande kommunikasjon)
  • God digital kompetanse
  • Erfaring med non-verbale barn er ønskjeleg
  • Erfaring frå arbeid med elevar med samansette behov er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg, og kunne bruke nynorsk som kommunikasjonsspråk.

Personlige egenskaper:

  • Tydeleg og trygg i profesjonsrolla
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide i team
  • Strukturert, fleksibel og løysingsorientert
  • Kunne stå i krevjande arbeidsoppgåver
  • Engasjert i elevane si utvikling på alle områder
  • Leiken og byr på deg sjølv
  • Glad i nye utfordringar

Vi tilbyr:

  • Eit sterkt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • Ei nystarta avdeling der du i stor grad kan vere med og påverke utviklinga av ei viktig og meiningsfull verksemd
  • Ein variert og fagleg utfordrande arbeidskvardag
  • Gode rammer for samarbeid og kompetansedeling
 

  • Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    21.05.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6617912
  • Look here for other jobs from Giske Kommune