Ledig stilling

Øygarden kommune

Avdelingsleiar 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Knappskog skule har ledig ei 100 % fast stilling som avdelingsleiar for mellomsteget frå 1. august 2026. Stillinga er delt mellom ca. 55 % undervisning og ca. 45 % leiing.

Vi søkjer ein tydeleg og engasjert avdelingsleiar som ønskjer å bidra aktivt i vidareutviklinga av skulen vår, både fagleg og organisatorisk.

Arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar vil du mellom anna ha ansvar for:

  • Å vere ein aktiv bidragsytar i skulen sitt leiarteam og delta i det strategiske utviklingsarbeidet.
  • Pedagogisk leiing og arbeid for gode læringsprosessar i organisasjonen.
  • Å leggje til rette for pedagogisk utviklingsarbeid og delta i profesjonsfaglege fellesskap.
  • Samarbeid med andre tenester og deltaking i skulen sitt BTI-arbeid (Betre tverrfagleg innsats).
  • Oppfølging av læringsarbeid og fagleg utvikling.
  • Tett dialog med elevar, tilsette og føresette på mellomsteget.
  • Oppfølging av elevfråvær og skulemiljøsaker i samarbeid med kontaktlærarane.
  • Administrative oppgåver, til dømes vikarordningar og løysingar ved fråvær.
  • Personalansvar.
  • Undervisning, fortrinnsvis på mellomsteget.
KvalifikasjonarMå-ha:
  • Godkjend lærarutdanning for undervisning i grunnskulen.
  • Erfaring frå undervisning i grunnskulen.
  • Evne til å handtere travle dagar og periodar med høgt arbeidspress.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • God digital kompetanse
Ønskjeleg:
  • Skuleleiarutdanning.
  • Kjennskap til Vigilo som er vårt skuleadministrativt system.
  • Leiarerfaring frå grunnskulen.
  • Erfaring med psykososialt og spesialpedagogisk arbeid.
  • Kunnskap om og erfaring med skuleutvikling og kulturbygging.
Personlege eigenskapar

Vi ønskjer ein avdelingsleiar som:

  • Ser på dei tilsette som den viktigaste ressursen i skulen.
  • Er ein god relasjonsbyggjar overfor elevar, tilsette og føresette.
  • Bidreg aktivt til eit godt arbeids- og læringsmiljø.
  • Har gode evner til å samarbeide, lytte og rettleie.
  • Har gode digitale ferdigheiter og ønskjer å utvikle skulen sitt digitale arbeid.
  • Er løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig.
  • Er strukturert, ansvarsbevisst og sjølvstendig.
  • Held seg orientert i pedagogisk utviklingsarbeid.
Vi tilbyr
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
  • Interessante og varierte utfordringar.
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
Kontaktinformasjon

Rektor: Solfrid Kleiven

Telefon: 926 61 232
E-post: solfrid.kleiven@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.