Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
18.05.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6611840Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Vi søkjar fleire engasjerte sjukepleiarar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume og er ein sjukeheim med høg fagleg kompetanse og godt arbeidsmiljø. No søkjer vi engasjerte sjukepleiarar som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
Ledige stillingar- 2 x 100% fast stilling sjukepleiar – somatisk avdeling (nyoppretta stillingar)
- 70% fast stilling sjukepleiar – langtidsavdeling for personar med demens sjukdom
Som sjukepleiar hos oss jobbar du med ulike pasientgrupper og får brukt heile breidda av sjukepleiarkompetansen din. Vi legg vekt på individuelt tilpassa behandling, heilskapleg pasientforløp og faglege vurderingar i tett samarbeid med kollegaer og andre faggrupper.
Blodprøvetaking og undersøkingar vert utførte på avdelinga. Frå medio februar 2026 organiserer vi delar av sjukepleietenesta i eige sjukepleiarteam. Vi har årsturnus med langvakter vekedag og helg.
Om sjukeheimen- 52 pasientar totalt
- Somatisk avdeling: 44 pasientar (langtid, korttid og avlastning)
- Dementavdeling: 8 pasientar (rehabilitert, langtidspasientar)
- Tverrfagleg miljø med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, lege, servicemedarbeidarar og musikkterapeut
- Velferdsteknologi på alle rom
Vi er opptekne av kvalitet, samarbeid og fagutvikling – og har god takhøgde for nye idear.
Arbeidsoppgåver- Sjukepleiefaglege oppgåver
- Tverrfagleg samarbeid
- Miljøarbeid
- Blodprøvetaking og bruk av medisinsk teknisk utstyr
- Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar
- Dokumentasjon, tiltaksplanar og rapportering
Du:
- Likar å jobbe i team og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Er engasjert, strukturert og løysingsorientert
- Jobbar sjølvstendig og tar ansvar
- Planlegg og gjennomfører arbeidsoppgåver effektivt
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gyldig politiattest
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Erfaring frå sjukeheim eller heimeteneste
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vi tilbyr:- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fagleg sterke og støttande kollegaer
- Eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter
- Gratis parkering
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Maria G. Furenes: Tlf: 480 39 23
May-Britt Hægland: Tlf. 951 60 647
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
18.05.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6611840Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Sjukepleiar/vernepleiar 60% fast stilling natt
Øygarden kommune
STRAUME -
Vernepleiar/sjukepleiar 100% fast
Øygarden kommune
Straume -
Sjukepleiar/vernepleiar 80 % vikariat natt
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Helsefagarbeidar 18 -20 % fast stilling , helg
Øygarden kommune
Ågotnes -
Sjukepleiar eller helsesekretær
Sogndal kommune
LEIKANGER