Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
10.02.2026Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6507055Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Sogndal kommune
Sommarjobb i legetenesta (Sogndal, Balestrand eller Leikanger)
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Har du lyst på ein sommarjobb der du får jobbe tett på folk, helse og praksis og lære mykje på kort tid?
Legetenesta i Sogndal treng flinke sommarvikarar som hjelpepersonell i perioden 15. juni til 14. august (eller delar av perioden).
Stillingane er fordelte mellom Sogndal legesenter, Leikanger legekontor og Balestrand legekontor. Skriv gjerne i søknaden kor du helst vil jobbe.
Kven passar dette for?
Denne jobben passar for deg som er helsepersonell eller under utdanning innan helse. Her får du mykje læring, gode kollegaer og ei rolle som betyr noko i kvardagen til folk.
Kva kjem du til å jobbe med?
Arbeidsoppgåvene varierer ut frå kva du kan, men kan til dømes vere:
- Enkle pasientkontrollar
- Laboratoriearbeid
- Sentralbord og resepsjon
- Enkle administrative oppgåver
Med ein slik sommarjobb får du sjansen til å sjå korleis det faktisk fungerer i primærhelsetenesta.
Dette ser me etter
Du kan vere:
- Helsesekretær / helsefagarbeidar / sjukepleiar
- Student i sjukepleie eller medisin
I tillegg har du:
- Trygg og roleg framferd i møte med pasientar
- Struktur, fleksibilitet og god oversikt
- Flytande norsk skriftleg og munnleg
Kva får du hos oss?
- Ein sommarjobb med reell læringsverdi
- Variasjon i oppgåver i kvardagen
- Ein fagleg trygg arbeidsplass med gode folk
- Innsikt i primærhelsetenesta som du kan ta med deg vidare i studiar eller yrke
Løn etter tariff.
Om du er student er dette ein fin moglegheit til å få relevant arbeidserfaring, referansar og tryggleik i faget.
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
10.02.2026Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6507055Se här för andra jobb från Sogndal kommune
-
Trainee hos Tersan Havyard: KHMS
Framtidsfylket AS
LEIRVIK I SOGN -
Sommarvikarar - fysioterapi- og ergoterapistudentar
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Sommarvikarar - Prestahagen omsorgsbustad
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Sommarvikarar - Sogndal helse- og omsorgssenter
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Sommarvikarar kjøkken - Sogndal helse- og omsorgssenter
Sogndal kommune
SOGNDAL