Ledig stilling

Sogndal kommune

Sommarvikarar - Sogndal helse- og omsorgssenter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal helse og omsorgssenter er ein ny og moderne sjukeheim i sentrum av Sogndal. Sjukeheimen har ei langtidsavdeling og ei korttid/rehabavdeling med 2 KAD plassar i avdeling. Sjukeheimen ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor heimetenesta, dagsenter, omsorgsbustadar, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Dette gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.

Om stillinga 

Me søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte ferievikarar for sommaren 2026 til kortids- og langtidsavdelinga ved Sogndal helse og omsorgssenter. 

Arbeidsperioden vil vere i tida 15.06.2026 - 16.08.2026 med moglegheit for tilkallingsvikar utover hausten. Opplys i søknaden når det passar best for deg å jobbe. Søkjarar som kan jobbe store delar av sommaren vert prioritert. 

Studentar og elevar innanfor helserelaterte fag vert oppmoda om å søkje. 

Arbeidsoppgåver: 

  • Helsehjelp til eldre på sjukeheim 

  • Oppfølging av ernæring 

  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet 

Kvalifikasjonar: 

  • Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. 

  • Vere fylt eller fylle 18 år i 2026  

Personlege eigenskapar: 

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.  

  • Oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag. 

  • Imøtekommande  

Spesielle vilkår for stillinga: 
Dei som vert tilsett må leggje fram: 
- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato. 
- Politiattest av ny dato. 

Me tilbyr: 

  • Ein variert og god arbeidsplass der god service er ein sjølvfølgje. 

  • Løn etter tariff jf. HTA. 

Dersom du skal søkje på fleire stillingar må du sende ein søknad pr. stilling. 

Og du, som sommarvikar i denne stillinga får du høve til å delta på Sognacamp! Sognacamp er ei fem veker lang sommaroppleving for dei heldige som har sommarjobb i Sogn. Målet er å gi deg ein verdifull inngang til arbeidslivet, samstundes som du får utforske moglegheitene i vakre Sogn og bli kjend med andre som har sommarjobb her.

Vil du ha ein sommar du aldri gløymer? Då er Sognacamp for deg! Du får meir informasjon og høve til å melde deg på når du har fått tilbod om sommarjobben. Les meir her: Sognacamp

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest