Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
01.03.2026Stillingsfunksjon
TraineeHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
TraineeBransje
Skipsbyggerier og -verftUtdanningskrav
Teknisk fagskoleArbeidserfaring
Ikke påkrevetAdresse
6953, LEIRVIK I SOGN
HYLLESTAD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6485153Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
Framtidsfylket AS
Jobb i hjartet av verftet – med kvalitet, helse, miljø og sikkerheit
Trainee hos Tersan Havyard: KHMSSkipsbyggerier og -verft
Har du lyst på ein jobb der du ser resultatet av arbeidet ditt kvar dag i form av tryggleik på verftet, godt arbeidsmiljø og betre kvalitet på båtane som blir bygde? Som KHMS Trainee hos Tersan Havyard får du bruke utdanninga di til noko konkret og viktig, tett på både folk og produksjon.
Samtidig får du eit heilt år med fagleg påfyll, nettverk og personleg utvikling gjennom Framtidsfylket traineeprogram.
Kvifor denne jobben?
I denne stillinga blir du ein del av hjartet i verftet, nemleg arbeidet med kvalitet, helse, miljø og sikkerheit. Du får vere med å påverke korleis vi jobbar trygt og smart i kvardagen, du får ansvar som veks i takt med at du blir trygg i rolla, og eigen mentor som følgjer deg gjennom året. Du blir godt kjent med heile verftet– frå verkstad og kaia til møterom og leiing. Du får ein variert kvardag der du vekslar mellom å vere ute i hallen saman med folk, og inne med analyse, forbetringsarbeid og planlegging.
Kva går jobben ut på?
Vi vil at du skal lære mykje, men ikkje vere supermenneske. Difor startar du enkelt, og så byggjer vi på etter kvart. Døme på oppgåver du kan få:
- bidra i forbetringsprosjekt innan berekraft, helse, kvalitet og miljø
- støtte KHMS-arbeidet i byggeprosjekta
- følgje opp avvik og uønskte hendingar
- vere med på vernerundar, risikovurderingar og sikker jobb analysar
Du jobbar tett saman med KHMS-leiar og andre nøkkelpersonar i verftet, og du blir tidleg ein naturleg sparringpartnar for leiarar og kollegaer.
Dette får du hos Havyard
Vi veit at livet er meir enn jobb. Som trainee hos oss får du:
- ein arbeidskvardag med korte avstandar mellom beslutning og handling
- ein uformell kultur der folk helsar på kvarandre i gangen og tek seg tid til ein prat
- moglegheit til å følgje båt frå bygging til levering
- tett samarbeid med dyktige fagarbeidarar, ingeniørar og leiing
I tillegg kjem Framtidsfylket sitt traineeprogram, der du får samlingar, studietur, nettverk og kurs saman med andre nyutdanna i Vestland.
Kven trur vi at du er?
Vi er meir opptekne av motivasjonen din enn av at du «treff på alt». For å trivast i rolla trur vi at du:
- har utdanning på fagskule-, bachelor- eller masternivå innan t.d. HMS, kvalitet, ingeniørfag, maritim eller liknande
- er nysgjerrig på folk, prosessar og korleis vi kan gjere ting tryggare og betre
- liker å vere både ute i produksjonen og inne i system og tal
- kommuniserer godt på norsk munnleg, og gjerne skriftleg
Har du lite erfaring? Det er heilt i orden – dette er ein traineestilling. Vi lærer deg det du treng å kunne.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.
Du vil jobbe som trainee hos oss i ett år – fra august til august.
Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
01.03.2026Stillingsfunksjon
TraineeHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
TraineeBransje
Skipsbyggerier og -verftUtdanningskrav
Teknisk fagskoleArbeidserfaring
Ikke påkrevetAdresse
6953, LEIRVIK I SOGN
HYLLESTAD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6485153Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
-
Trainee hos Tersan Havyard: Prosjektgjennomføring
Framtidsfylket AS
LEIRVIK I SOGN -
Trainee hos Ullensvang kommune: VA-ingeniør
Framtidsfylket AS
ODDA -
Trainee hos Ullensvang kommune: Økonomi
Framtidsfylket AS
ODDA -
Trainee hos BKK: Digital utvikling
Framtidsfylket AS
FØRDE -
Helsefagleg rådgjevar og kontraktsoppfølgjar innanfor flyktning og migrasjonsfeltet RKV
Utlendingsdirektoratet
BERGEN