Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
07.07.2026Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6657560Se här för andra jobb från Øygarden kommune
Øygarden kommune
Skulesekretær 80% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Vi har no ei 80% fast stilling som skulesekretær ved Bjorøy og Foldnes skule. Stillinga er knytt 50% til Bjorøy og 30% til Foldnes. Vi søkjer ein strukturert og serviceinnstilt medarbeidar som vil vera ein viktig del av den administrative kvardagen på skulen.
Arbeidsoppgåver:- Ta imot og følgja opp førespurnad frå elevar, føresette og samarbeidspartnarar
- Være støttespelar for skuleleiinga
- Samarbeida tett med administrasjonen på skulen
- Ha ansvar for arkivarbeid og personvern (GDPR)
- Oppdatere og følgje opp skuleadministrative system
- Utføre saksbehandling
- Arbeide med rekneskap og anna økonomiadministrativt arbeid
- Utføre anna forfallande sekretærarbeid
- fagbrev i kontorfaget eller bachelor i administrative fag (lang og relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning)
- god systemforståing og digital kompetanse
- god kjennskap til MS Office (Word, Excel, Outlook og Powerpoint)
- gode norskkunnskapar og god formidlingsevne, munnleg og skriftleg
- erfaring frå saksarkivsystem, gjerne Websak
- erfaring med Vigilo, skuleadministrativt program
- erfaring med Visma Enterprise-modular som personalmelding, fråvær og liknande
- erfaring med skyss elev
Vi legg vekt på at du:
- er positiv og serviceinnstilt, med godt humør
- arbeidar strukturert, er ansvarsbevisst og løysingsorientert
- har gode samarbeidsevner
- kan arbeide sjølvstendig og finne gode løysingar i møte med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
- er nytenkjande og kreativ i utviklinga av den administrative avdelinga på skulen (digitalisering er ei viktig satsing ved skulen og i kommunen)
- har forståing for omdømmebygging og heilskapleg tenking
- meistrar digitale system og verktøy
- kommuniserer godt med elevar, føresette kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar
- Arbeidsåret er 41 veker, og løna vert difor redusert med 7,7%. Det kan vera mogleg å auka stillinga gjennom vikararbeid på SFO og/eller i skulen.
- Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Foldnes skule, Rektor - Ragnhild Knudsen Magerøy
Telefon: 90189593
E-post: ragnhild.mageroy@oygarden.kommune.no
Bjorøy skule, Rektor - Renathe Fagerbakke
Telefon: 55097582
E-post: Renathe.Fagerbakke@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
07.07.2026Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6657560Se här för andra jobb från Øygarden kommune