Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
23.09.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5873407Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Giske Kommune
Rådgjevar PPT
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig fast 100 % stilling som rådgjevar for pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i Giske kommune. Stillinga er ledig frå snarast.
PPT i Giske kommune er organisert i lag med spes.ped.-teamet og har til saman 10 årsverk, der fire av årsverka er knytt til PPT.
Vi er ei progressiv teneste med mål om å skape betre læringsvilkår for barn og unge gjennom tidleg innsats, førebygging og inkluderande praksis. Vi har heilskapleg forståing av tenestemandatet og fokus på variert tenesteleveranse innan organisasjons- og kompetanseutvikling og individretta arbeid.
PPT er for tida med i eit spennande utviklingsarbeid knytt til betre inkluderande praksis i skule og barnehage. Som ledd i dette arbeidet er det oppretta inkluderingsteam på alle skular og barnehagar der PPT er fast bidragsytar. Vi har stor tru på den enkelte sitt bidrag og legg vekt på høg grad av medverknad og medansvar i ein lærande organisasjon.
Vi søkjer deg som ønskjer å utgjere ein forskjell og som blir motivert av samarbeid i eit fagmiljø med høg kompetanse.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stilinga vektlagt.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknade.
Kvalifikasjoner:
- Universitet/høgskuleutdanning, mastergrad i spesialpedagogikk, pedagogikk, psykologi eller profesjonsutdanning i psykologi. Annan relevant utdanning kan og bli vurdert.
- God kjennskap til relevant forsking på feltet
- Erfaring frå PPT eller anna relevant arbeid med barn og unge
- God kjennskap til systemet barnehage og/eller systemet skule
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Kompetanse i fleirspråklegheit er ønskjeleg
- Utredningskompetanse er ønskjeleg
- Du må ha bilsertifikat og disponere egen bil
- Det blir forventa at du har digital kompetanse
Personlige egenskaper:
- Evne til å jobbe strukturert, sjølvstendig og målretta individuelt, i gruppe og team
- Evne til å handtere mange samtidige oppgåver
- Fleksibilitet og omstillingsevne
- Løysnings- og læringsorientert
- Utvise nysgjerrigheit for andre sine faglege vurderingar og søkje felles forståing
- Gode samarbeidsevner og god evne til relasjonsbygging
- Trivast i ein dynamisk og variert arbeidskvardag
Vi tilbyr:
- Eit godt arbeidsmiljø i eit raust og inkluderande fellesskap
- Eit svært kompetent fagmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Flexitidsordning
- Konkuransedyktig løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
23.09.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5873407Se her for andre jobber fra Giske Kommune
-
Barne- og ungdomsarbeidar 100% fast
Øygarden kommune
STRAUME -
Miljøterapeutar i nyoppretta bustad og ambulant teneste
Giske Kommune
VALDERØYA -
Lærar 100% fast og 100% vikar
Øygarden kommune
STRAUME -
Einingsleiar ved Surnadal barne- og ungdomsskule
Surnadal kommune
SURNADAL -
Lærar 100% vikariat
Øygarden kommune
Kolltveit