• Företag
    Giske Kommune
  • Ansökningstiden
    23.09.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5873407
  • Se här för andra jobb från Giske Kommune
Ledigt jobb

Giske Kommune

Rådgjevar PPT

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig fast 100 % stilling som rådgjevar for pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i Giske kommune. Stillinga er ledig frå snarast.

PPT i Giske kommune er organisert i lag med spes.ped.-teamet og har til saman 10 årsverk, der fire av årsverka er knytt til PPT.

Vi er ei progressiv teneste med mål om å skape betre læringsvilkår for barn og unge gjennom tidleg innsats, førebygging og inkluderande praksis. Vi har heilskapleg forståing av tenestemandatet og fokus på variert tenesteleveranse innan organisasjons- og kompetanseutvikling og individretta arbeid.

PPT er for tida med i eit spennande utviklingsarbeid knytt til betre inkluderande praksis i skule og barnehage. Som ledd i dette arbeidet er det oppretta inkluderingsteam på alle skular og barnehagar der PPT er fast bidragsytar. Vi har stor tru på den enkelte sitt bidrag og legg vekt på høg grad av medverknad og medansvar i ein lærande organisasjon.

Vi søkjer deg som ønskjer å utgjere ein forskjell og som blir motivert av samarbeid i eit fagmiljø med høg kompetanse. 

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stilinga vektlagt.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknade.

Kvalifikasjoner:

  • Universitet/høgskuleutdanning, mastergrad i spesialpedagogikk, pedagogikk, psykologi eller profesjonsutdanning i psykologi. Annan relevant utdanning kan og bli vurdert.
  • God kjennskap til relevant forsking på feltet
  • Erfaring frå PPT eller anna relevant arbeid med barn og unge
  • God kjennskap til systemet barnehage og/eller systemet skule
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Kompetanse i fleirspråklegheit er ønskjeleg
  • Utredningskompetanse er ønskjeleg
  • Du må ha bilsertifikat og disponere egen bil
  • Det blir forventa at du har digital kompetanse 

Personlige egenskaper:

  • Evne til å jobbe strukturert, sjølvstendig og målretta individuelt, i gruppe og team
  • Evne til å handtere mange samtidige oppgåver
  • Fleksibilitet og omstillingsevne
  • Løysnings- og læringsorientert 
  • Utvise nysgjerrigheit for andre sine faglege vurderingar og søkje felles forståing
  • Gode samarbeidsevner og god evne til relasjonsbygging
  • Trivast i ein dynamisk og variert arbeidskvardag

Vi tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø i eit raust og inkluderande fellesskap
  • Eit svært kompetent fagmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Flexitidsordning
  • Konkuransedyktig løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
 

  • Företag
    Giske Kommune
  • Ansökningstiden
    23.09.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5873407
  • Se här för andra jobb från Giske Kommune