• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    30.09.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Kolltveit
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5884352
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 17.09.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Lærar 100% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Kolltveit skule er ein fulldelt barneskule med omlag 250 elevar fordelt på 14 klassar. Skulen ligg sentralt i Øygarden kommune på Kolltveit om lag 5 minutt med bil aust for Straume. Skulen har siste året gjennomført ei ombygging som har gjort arbeidstilhøva meir tilpassa og moderne. Vidare satsar skulen på forskingsbasert utvikling i eit profesjonelt kollegafellesskap.

Arbeidsoppgåver:
  • Undervisning, for- og etterarbeid.
  • Kontaktlærararbeid, elev- og foreldreoppfølging.
  • Skuleutvikling, bidra til utvikling av skulen i kollegafellesskapet.
Kvalifikasjonar: 
  • Grunnskulelærarutdanning for 1. - 7. trinn
  • Allmennlærarutdanning 1. - 10. trinn
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
  • Har eit positivt elevsyn og er oppteken av barn og unges læring og utvikling.
  • Vil bidra til eit godt læringsmiljø.
  • Kan ta på seg kontaktlærarfunksjonen
  • Bruker IKT som et naturleg verktøy i undervisninga, i samarbeid med kollegaer og føresette
  • Er tydelege vaksne, løysningsorienterte og utviklingsorienterte
  • Er fleksible og har gode samarbeidsevner
  • Vil bidra til eit godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
Personlege eigenskapar:
  • Det vert lagt vekt på god evne til kommunikasjon med føresette, medarbeidarar og eksterne samarbeidspartnarar.
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og å finna løysingar i møte med skuleleiing og tenestemottakarar.
  • Nytenkande og kreativ i utvikling av skulefritidsordninga med mål om best mogeleg kvalitet for elevar og foreldre.
  • Forståing for omdømebygging og heilskapstenking.
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Anna: 

Vikariat frå 09.12.24 - 31.07.25

Kontakt:

Odd Erik Kjeldstad

Rektor: Kolltveit skule

Telefon: 99645370

                

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    30.09.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Kolltveit
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5884352
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 17.09.2024