Företag
Ål KommuneAnsökningstiden
25.06.2026Anställningsform
EngagemangBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6648145Se här för andra jobb från Ål Kommune
Ål Kommune
Morsmålsassistent i barnehage
Offentlig forvaltning
Vi søkjer ein medarbeidar som kan arbeide som morsmålsassistent med russisk eller ukrainsk som morsmål i barnehage med oppstart frå 17.08.2026. Assistenten skal arbeide med barn frå Ål asylmottak.
Stillinga vil tilhøyre ein barnehage, og assistenten vil ha som hovudoppgåve å følgje opp borna gjennom dagen og tolke samtaler mellom barnehage og heim.
Stillinga er 100 % mellombels i perioden 17.08.26 - 31.12.26, men med moglegheit for forlenging.
Kvalifikasjonar
- Kompetanse innanfor russisk eller ukrainsk språk
Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer deg som søkjar som:
- kan uttrykke seg godt på både norsk og russisk / ukrainsk
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er løysingsorientert, fleksibel og lojal
- likar å vere ute i all slags vêr, året rundt
Vi tilbyr
- barnehagar med sterke utviklande og faglege miljø
- engasjerte tilsette
- stabil personalgruppe
- kompetanseheving felles for barnehagane i Ål kommune
- pensjonsordning KLP
- hjelp til å finne bustad
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Send søknad
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- dei som blir tilsette må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen som søkjar!
Företag
Ål KommuneAnsökningstiden
25.06.2026Anställningsform
EngagemangBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6648145Se här för andra jobb från Ål Kommune