Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
15.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6636054Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ål Kommune
Fagarbeidar
Offentlig forvaltning
Skattebøl barnehage har no ledig eit 100 % vikariat i perioden 13.08.26 - 18.12.26, med moglegheit for forlenging.
Å jobbe i barnehage er ein gjevande, varierande og interessant jobb. Arbeid med barn er meiningsfylt, og nettopp du kan vere med på å gjere ein forskjell for barna. Du vil arbeide saman med profesjonelle, fagleg dyktige og engasjerte pedagogar, fagarbeidarar og assistentar. Alle desse gjer ein stor innsats for at alle barna i barnehagen skal ha ein god dag.
Skattebøl barnehage er ein kommunal barnehage med 72 plassar fordelt på 4 avdelingar. Barnehagen ligg på Brennoflata. Det er god plass å boltre seg på, både inne og ute. Vi ynskjer å vere ein arena der barna kan finne glede i å vera i eit fellesskap med andre born, og knytte vennskap før skuletida tek til.
Kvalifikasjonskrav:
- fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
Personlege eigenskapar:
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer deg som søkjar som:
- trivast i lag med barn
- er utadvendt og trygg på deg sjølv
- er glad i å vere ute i all slags vêr, året rundt
- har gode samarbeidsevner
- er fleksibel og løysingsorientert
- kan uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr:
- ein barnehage med sterkt utviklande og fagleg miljø
- engasjerte tilsette
- stabil personalgruppe
- kompetanseheving felles for barnehagane i Ål kommune
- pensjonsordning KLP
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Søknad og politiattest:
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
- intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen som søkjar!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
15.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6636054Se her for andre jobber fra Ål Kommune
-
Barne- og ungdomsarbeidar ved Vigra barnehage
Giske Kommune
VIGRA -
Barnehagelærar i fast stilling
Sogndal kommune
Kaupanger -
Helsesjukepleiar -100 % fast stilling / sjukepleiar - 100 % midlertidig stilling Familiens hus
Ål Kommune
ÅL -
Styrar Langevåg barnehage
Sula kommune
LANGEVÅG -
Fritidskontakt/ avlastar- Helse og velferd
Øygarden kommune
STRAUME