Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
15.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6638787Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ål Kommune
Konsulent kommunale eigedomsgebyr - VAR og Utviklingsavdelinga
Offentlig forvaltning
Som medarbeidar i VAR og Utviklingsavdelinga til Ål kommune blir du ein del av det tverrfaglege miljøet med vatn, avløp, renovasjon, byggesak, plan, oppmåling, landbruk, kart, næringsutvikling og folkehelse på Tingstugu. Me ynskjer oss primært ein kollega med utdanning innan økonomi og/eller administrasjon, men andre med erfaring og kjennskap til kommunal fakturering vil også bli vurdert.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåvene blir rettleiing og saksbehandling innan sjølvkostområda, vareregisteret i Komtek, abonnementsregisteret i Komtek, fakturering av gebyr, oversikt over lokale forskrifter på fagområde, deltaking i prosjektarbeid og samarbeid med andre instansar. Andre oppgåver kan vera aktuelle.
Kvalifikasjonar
Vi ynskjer at du har:
- utdanning innan økonomi og /eller administrasjon på bachelor-nivå eller tilsvarande
- relevant erfaring frå offentleg forvalting
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
- har interesse og entusiasme for fagområdet
- er open og lærevillig (du vil få naudsynt opplæring)
- er samarbeidsorientert
- jobbar godt sjølvstendig og systematisk
- utrykker deg klart og forståeleg munnleg og nynorsk skriftleg
- viser stor grad av serviceinnstilling
- er open for nye arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- 100 % fast stilling.
- Løn etter gjeldande tariffavtale og pensjonsordning gjennom KLP.
- Utfordrande arbeidsoppgåver i eit hyggeleg, sosialt og tverrfagleg miljø.
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Fleksitid
Elles gjeld vanlege kommunale tilsettingsvilkår i tråd med lover, avtaler og reglement.
Er du glad i friluftsliv og set pris på eit rikt kulturliv er Ål plassen for deg! Ål ligg sentralt i Sør-Noreg midt mellom Oslo og Bergen. Les meir om kva som skjer i Ål og Hallingdal på Opplev vinteren i Ål - Visit Ål
Om arbeidsgjevaren
Ål kommune si viktigaste oppgåve er å utvikle eit godt lokalsamfunn og levere gode tenester til innbyggarane våre. Dei tilsette er ein viktig ressurs for å nå desse måla. Er du ein ressurs for oss?
Den som er busett i Ål kommune kan ha moglegheit for å få sletta studiegjeld.
Send søknad
Oppstart 15. september 2026
Her finn du lenke for å søkje elektronisk: Ål kommune - Våre ledige stillingar
For informasjon om stillinga, ta kontakt med avdelingsleiar Svein T. Furuhaug, tlf.91518610, svein.furuhaug@aal.kommune.no.
Søknadsfrist 15.06.2026
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
15.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6638787Se her for andre jobber fra Ål Kommune
-
Helsesjukepleiar -100 % fast stilling / sjukepleiar - 100 % midlertidig stilling Familiens hus
Ål Kommune
ÅL -
Generell søknad - Ål kommune
Ål Kommune
ÅL -
Ferievikar - Helse og omsorgssektoren
Ål Kommune
ÅL -
Drivkraft søker trainee: Næringsutvikling og kommunikasjon
Framtidsfylket AS
FØRDE -
Generell søknad - tilkallingsvikar i Helse- og omsorgsektoren
Ål Kommune
ÅL