• Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    06.09.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6687579
  • Look here for other jobs from Giske Kommune
Vacancy

Giske Kommune

Lærar – 100 % fast stilling ved Valderøy barneskule frå 12.10.26

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Valderøy barneskule har omlag 460 elevar, omlag 80 tilsette og 195 elevar på SFO. Skulen ligg sentralt på øya, med kort avstand til skog, fjell og fjøre som ein fin utvida læringsarena.

Visjonen for ein oppvekst i Giske kommune er «Det var bra eg kom» med utgangspunkt i barnet si erfaring i møte med barnehage og skule. Valderøy barneskule sin visjon er «Med hjarte for læring» med fokus på vekst og varme. Dette ligg til grunn i arbeidet med å skape eit godt læringsmiljø som gir eleven moglegheit til læring og utvikling ut frå sitt potensiale.

Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis som handlar om å til passe læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønskjer å gi alle ei reel moglegheit til deltaking i det faglege og sosiale fellesskapet. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Kompetansebehov:

  • Lærar 1.-7. trinn. Lærar 5.-10. vil òg bli vurdert.
  • Spesialpedagogikk, matematikk, norsk og engelsk.

Generelle krav til stillinga:

  • Det er krav om gyldig politiattest.
  • Administrasjons- og undervisningsmålet er nynorsk.
  • I tillegg til formell utdanning og praksis legg vi vekt på personlege eigenskapar og at du elles er skikka for stillinga.

Kvalifikasjoner:

Vi søkjer allmennlærar som har:

  • fagleg og personleg tryggheit
  • gode evner i klasseleiing og relasjonsbygging
  • vilje til tett og konstruktivt samarbeid med elevar, kollega og føresette.
  • god digital kompetanse, og erfaring i bruk av digitale verktøy i undervisninga.
  • interesse, evne og vilje til nytenking og utvikling i samarbeid med kollegiet.
  • god norsk kunnskap munnleg og skriftleg. Nynorsk.

    Vi tilbyr:

    • Ein spennande jobb der du kan utgjere ein forskjell for mange born.
    • Eit engasjert og positivt arbeidsmiljø med gode kollega.
    • Eit kollege som er opptatt av læring i ulike formar, der eleven skal vere aktiv i eiga læring.
    • Ein skule i fine lokalar, som ligg nært skog, fjell og fjøre.
    • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
     

    • Company
      Giske Kommune
    • Application deadline
      06.09.2026
    • Fulltime/Parttime
      Fulltime
    • Form of employment
      Permanent
    • Industry
      Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
    • Educational qualification
      Påkrevet
    • Work experience
      Ønskelig
    • Address
      6050, VALDERØYA
      GISKE
      Norway
    • Number of positions
      1
    • Career-kode
      6687579
    • Look here for other jobs from Giske Kommune