Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
SnarestHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Spesiell sertifiseringArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6677724Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Kvam Herad
oppvekst
Logoped / pedagogisk-psykologisk rådgjevarOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
PPT Kvam er organisert i eining for Oppvekst saman med skule, barnehage, barnevern, helsestasjon og skulehelsetenesta og familiesenter. PPT er også ein del av Kvam Familie- og Læringssenter (KFL) der dei tenestene som jobbar med born og unge er organiserte saman. Målet med samorganiseringa er å betra det tverrfaglege arbeidet mellom dei kommunale hjelpetenestene for barn og unge i Kvam.
PPT er i dag ein sentral aktør i organisasjonsutvikling og systemarbeid i barnehage og skule. Me har eit tett samarbeid med skular og barnehagar og er mykje "ute i felten" og jobbar på lågterskel gjennom gode støttesystem der PPT er aktivt til stades både i barnehage og skule. Kvam herad har ein ny oppvekstplan som skal vera vår rettesnor i arbeidet dei neste åra. Ved PPT Kvam arbeider ei personalgruppe med høg kompetanse som varetek PPT sine oppgåver i høve opplæringslova og barnehageloven.
PPT har no ledig ein todelt 100 % fast stilling som logoped/PP-rådgjevar i PPT.
Arbeidsoppgåver
Som PP-rådgjevar:
- Gjennomføra sakkunnig utgreiing der lova krev det
- Kartlegging av lærevanskar - først og fremst knytt til språklege utfordringar og lese- og skrivevanskar
- Samarbeida med og støtta barnehage og skule i det førebyggjande arbeidet for å skapa inkluderande tilbod til dei borna/elevane som kan ha behov for tilrettelegging.
- Hjelpa til med og bidra til kompetanseutvikling for eit inkluderande opplæringstilbod i barnehage/skule
- Støtta og rettleia barnehagar og skular med å utgreia behovet for tilrettelegging for born og elevar
- Støtta og rettleia barnehagar og skular med å iverktsetja tiltak raskt når barnet/eleven har behov for det.
- Vera fast ute i barnehagar/skular for å samarbeida med tilsette i barnehage og skule og vera tett på der borna er
- Rådgjeving og rettleiing til føresette og tilsette i barnehage/skule
- Tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper i Kvam Familie og Læringssenter
Som utøvande logoped:
- Logopedisk arbeid direkte med born/elevar/vaksne, både på lågterskelnivå og etter sakkunnig vurdering
- Samarbeid, rettleiing og kompetanseheving til tilsette i barnehage og skule
- Samarbeida med andre pp-rådgjevarar der det er behov for logopedisk bistand i saker tilviste til PPT
- Samarbeid med føresette/andre yrkesgrupper (t.d. helse)
For å verta tilsett i 100% stilling, må søkjar tilfredsstilla kvalifikasjonskrava som logoped
Kvalifikasjonar
- Barnehagelærarutdanning/lærarutdanning med master i spesialpedagogikk fordjuping i logopedi/master i logopedi, eller bachelor i psykologi/pedagogikk/spesialpedagogikk og fullført og bestått masterstudie i logopedi
- Kartleggingskompetanse særleg knytt til språk- og lese- og skrivevanskar (t.d. Celf-V, Logos lesetest)
- Rettleiingskompetanse og god skriftleg og munnleg formidlingsevne
- Tidlegare erfaring frå arbeid i PPT er ein føremon
- God evne til å samarbeida med andre - både internt på PPT og ut mot våre mange samarbeidspartar
- Du må ha eit positivt og meistringsorientert barne- og elevsyn og kunna bidra fagleg og sosialt inn i eit allereie sterkt fagmiljø
- Du må ha god munnleg og skriftleg kompetanse og meistra godt nynorsk skriftleg
Den som vert tilsett må legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar
Personlege eigenskapar
- Du må kunna vera ein positiv og samarbeidande deltakar i utviklingsarbeid og individarbeid retta mot barnehage/skule
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og vera ein lagspelar
- Du må også kunna arbeida sjølvstendig og effektivt etter interne rutiner i individsaker og kunna leia eit samarbeid/møte på ein inkluderande og framoverretta måte
- Du må kunna møta ulike typar menneske med eit positivt læringssyn. Det gjeld både born og vaksne
- Du må vera strukturert og kunna jobba sjølvstendig og systematisk med eit til tider høgt arbeidstrykk
- Du må kunna sjå det positive i barnet/den vaksne - og vera opptatt av meistring for den enkelte
Vi tilbyr
- Eit positivt tverrfagleg arbeidsmiljø med solid kollektiv kompetanse og stort engasjement
- Eit inspirerande og forskingsbasert utviklingsarbeid i Kvam familie- og læringssenter og i samarbeid med skular og barnehagar i Kvam
- Spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Nye og moderne lokale, samlokalisert med andre tenester i Kvam Familie og læringssenter
- Løn etter gjeldande avtalar
- Fordeling mellom dei to rollene er for tida 50/50. Dette kan bli endra ut frå behov i tenesta.
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
SnarestHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Spesiell sertifiseringArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6677724Se her for andre jobber fra Kvam Herad