Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
28.08.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6678024Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Giske Kommune
Barne-og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar, ledig vikariat ved Valderøy barneskule, Basen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig 100% vikariat, som barne- og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar ved Basen på Valderøy barneskule for skuleåret 2026/2027. Søkjarar med teiknspråk-kompetanse vil bli prioritert. Vi ønskjer tiltreding i stillinga så fort som mogleg.
Valderøy barneskule er ein skule med om lag 460 elevar der 11 av borna går i Basen. Basen er ei avdeling for born med ulike former for psykisk utviklingshemming, alle med stort behov for støtte og tilrettelegging i kvardagen. Saman jobbar pedagogane og fagarbeidarane for at borna skal ha gode dagar og størst mogleg utvikling innanfor sine rammer.
Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis som handlar om å til passe læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønskjer å gi alle ei reel moglegheit til deltaking i det faglege og sosiale fellesskapet.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato. Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Vi ønskjer helst søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidarar, men anna relevant utdanning og erfaring kan og vere aktuell. Søkjarar med teiknspråkkompetanse vil bli prioritert.
- Kunne bygge gode, trygge relasjonar og stå i utfordringar.
- Kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Gjerne erfaring med ASK for non-verbale born.
- God digital kompetanse.
Personlige egenskaper:
- Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar.
- Tydeleg og omsorgsfull vaksen.
- Evne og vilje til å møte barnet der det er og ha barnet sitt beste i fokus.
- Initiativrik, løysingsorientert, fleksibel og ansvarsbevisst.
- Gode samarbeidsevne med barn og vaksne.
Vi tilbyr:
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer.
Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
28.08.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6678024Se her for andre jobber fra Giske Kommune
-
Barne- og ungdomsarbeidar / assistent ved Vigra barnehage
Giske Kommune
VIGRA -
Assistent/fagarbeidar
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Miljøarbeidar 100% fast - Skogsvåg arbeids- og opplæringssenter/ Grønebakkane bustader
Øygarden kommune
Skogsvåg -
60% fast pianolærar
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar i heimetenesta
Gol kommune
GOL