Ledigt jobb

Øygarden kommune

Lærar 100% fast og 100% vikar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Fjell ungdomsskule er ein interessant og utfordrande arbeidsstad som er i stadig utvikling. Skulen er ein MOT-skule og har om lag 500 elevar og 70 tilsette. Dei tilsette har høg fagleg kompetanse, og tilpassa opplæring skal gje elevane høve til fagleg og personleg utvikling i eit miljø der alle tek ansvar for fellesskapet. Vi er i spanande prosessar med planlegging av nytt skulebygg som skal stå ferdig i 2027.

Arbeidsoppgåver:
  • Planlegge, gjennomføre og følgje opp undervisning på ungdomssteget
  • Delta i fagsamarbeid og utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet
  • Samarbeid heim/skule og med andre instansar
Kvalifikasjonar:  Må ha:
  • Godkjend lærarutdanning for ungdomssteget
  • Ønska fagkombinasjon: engelsk, matematikk og naturfag
  • God kompetanse i bruk av teknologi og digitale læremidlar
Ønskjeleg med:
  • Ønskeleg med erfaring frå ungdomssteget.
Personlege eigenskapar:
  • God og trygg klasseleiar
  • Fleksibel og utviklingsorientert
  • Sjølvstendig og initiativrik
Anna:

Dersom ein ikkje har heile fagkombinasjonen skulen treng kan ein kombinasjon av fast stillingsprosent og vikar vere aktuelt.

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
  • Rektor Bente Kleppe Lervik, 55097702 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.