Company
Øygarden kommuneApplication deadline
24.09.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5877919Look here for other jobs from Øygarden kommune
Øygarden kommune
Lærar 100% fast og 100% vikar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Fjell ungdomsskule er ein interessant og utfordrande arbeidsstad som er i stadig utvikling. Skulen er ein MOT-skule og har om lag 500 elevar og 70 tilsette. Dei tilsette har høg fagleg kompetanse, og tilpassa opplæring skal gje elevane høve til fagleg og personleg utvikling i eit miljø der alle tek ansvar for fellesskapet. Vi er i spanande prosessar med planlegging av nytt skulebygg som skal stå ferdig i 2027.
Arbeidsoppgåver:- Planlegge, gjennomføre og følgje opp undervisning på ungdomssteget
- Delta i fagsamarbeid og utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet
- Samarbeid heim/skule og med andre instansar
- Godkjend lærarutdanning for ungdomssteget
- Ønska fagkombinasjon: engelsk, matematikk og naturfag
- God kompetanse i bruk av teknologi og digitale læremidlar
- Ønskeleg med erfaring frå ungdomssteget.
- God og trygg klasseleiar
- Fleksibel og utviklingsorientert
- Sjølvstendig og initiativrik
Dersom ein ikkje har heile fagkombinasjonen skulen treng kan ein kombinasjon av fast stillingsprosent og vikar vere aktuelt.
Vi tilbyr:- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Rektor Bente Kleppe Lervik, 55097702
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
24.09.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5877919Look here for other jobs from Øygarden kommune