Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
11.03.2026Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6536959Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Juridisk rådgjevar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me søkjer deg som har særskilt interesse for offentleg rett, du vil få ei viktig rolle i arbeidet med å sikre kvalitet i saker, og vere ein sentral rådgjevar i organisasjonen!
Me har ledig 100% vikariat som juridisk rådgjevar i 1 år frå juni 2026.
Som juridisk rådgjevar får du ei sentral rolle i å styrkje rettstryggleik og kvalitet i kommunen si verksemd. Du vil arbeide tett på både administrasjon og politisk nivå, og vere ein fagleg sparringspartnar i juridiske spørsmål på tvers av organisasjonen. Stillinga er brei og variert, og oppgåvene vil spenne frå løpande juridisk støtte til meir prinsipielle vurderingar, avhengig av behov og kompetanse.
Kvalifikasjonar:
- Juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap.
- Erfaring frå arbeid knytt til offentleg forvaltning, lov- og avtaleverk i offentleg sektor.
- Erfaring med prosessarbeid og saksframstilling for politiske utval eller styrande organ.
- Gode IKT-kunnskapar.
- God skriftleg framstillingsevne på nynorsk.
- God relasjonskompetanse, i tillegg til gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- God kjennskap til avtaleverket i KS-området og offentleg rett.
- Evne til å arbeide både strategisk og operativt.
- Nøyaktig og strukturert, med høg integritet.
- Trivst med varierte faglege utfordringar.
- God rolleforståing.
- Du får til samskaping og tek ansvar på tvers av fagområde.
- Deler av eigne, og er open for andre sine, tankar, idear og innspel.
- Positiv, proaktiv og engasjert.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Arbeidsoppgåver:
- Rådgjeving, rettleiing, opplæring og kvalitetssikring i juridiske spørsmål innan kommunen sine ulike fagfelt, med særskilt merksemd på forvaltningslova, arbeidsrett, kommunelova og offentleglova.
- Sakshandsaming og klagehandsaming, også førebuing av saker til politisk handsaming.
- Utarbeide og vedlikehalde juridiske dokument og malar for verksemda.
- Utgreiingar, utarbeiding og forhandling av kontraktar.
- Stillinga kan bli tillagt oppgåver innan alle fagfelt i kommunen ut frå behov.
Me tilbyr:
- Eit godt miljø med utfordrande oppgåver, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Gode velferdsordningar.
- Fleksible arbeidstidsordningar.
- Løn etter avtale.
Arbeidsstad: Leikanger. Oppstart etter avtale
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
11.03.2026Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6536959Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Heimehjelp, heimetenesta i Balestrand
Sogndal kommune
Balestrand -
Sommarvikarar på Leikanger – sjukeheim, heimetenesta og kjøkken
Sogndal kommune
Leikanger -
Sommarvikarar - Sogndal helse- og omsorgssenter
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Sommarvikarar i Balestrand - sjukeheim, heimetenesta, vaskeri og kjøkken
Sogndal kommune
Balestrand -
Sommarvikarar kjøkken - Sogndal helse- og omsorgssenter
Sogndal kommune
SOGNDAL