Ledig stilling

Sogndal kommune

Sommarvikarar på Leikanger – sjukeheim, heimetenesta og kjøkken

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Leikanger sjukeheim har 4 små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. Heimetenesta ligg i tilknyting til sjukeheimen, samane med legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon. Me har stor bredde i arbeidsoppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Sjukeheimen har eige kjøken med gode kokkar som lagar heimelaga mat, og ligg vakkert til på Leikanger med utsyn mot Sognefjorden.

Om stillinga 

Me søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte ferievikarar for sommaren 2025 til sjukeheimen, heimetenesta og kjøkkenet på Leikanger. 

Arbeidsperioden vil vere i tida 15.06.2026 - 16.08.2026 med moglegheit for tilkallingsvikar utover hausten. Opplys i søknaden perioden du kan jobbe. Søkjarar som kan jobbe heile perioden vil bli prioritert. 

Studentar og elevar innanfor helserelaterte fag vert oppmoda om å søkje. 

Arbeidsoppgåver: 

  • Helsehjelp til eldre på sjukeheim, brukarar i heimetenesta og omsorgsbustad 

  • Oppfølging av ernæring 

  • For kjøkken; tilberede mat, utlevering av mat, ivareta hygiene og kjøkkenrelaterte oppgåver 

Kvalifikasjonar: 

  • Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. 

  • Vere fylt eller fylle 18 år i løpet av 2026 (for søkjarar til kjøkken/postassistent vil yngre bli vurdert) 

  • Førarkort for dei som skal jobbe i heimetenesta

Personlege eigenskapar: 

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.  

  • Oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag. 

  • Imøtekommande  

Spesielle vilkår for stillinga: 
Dei som vert tilsett må leggje fram: 
- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato. 
- Politiattest av ny dato. 

Me tilbyr: 

  • Ein variert og god arbeidsplass der god service er ein sjølvfølgje. 

  • Løn etter tariff jf. HTA. 

  • Tilrettelagt turnus med moglegheit for langvakter. 

Dersom du skal søkje på fleire stillingar må du sende ein søknad pr. stilling. 

 

Og du, som sommarvikar i denne stillinga får du høve til å delta på Sognacamp! Sognacamp er ei fem veker lang sommaroppleving for dei heldige som har sommarjobb i Sogn. Målet er å gi deg ein verdifull inngang til arbeidslivet, samstundes som du får utforske moglegheitene i vakre Sogn og bli kjend med andre som har sommarjobb her.

Vil du ha ein sommar du aldri gløymer? Då er Sognacamp for deg! Du får meir informasjon og høve til å melde deg på når du har fått tilbod om sommarjobben. Les meir her: Sognacamp

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest