• Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    01.10.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6390798
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
Ledigt jobb

Ål Kommune

Fagarbeidar / assistent / pedagogisk leiar

Offentlig forvaltning

Ål kommune har faste og mellombelse stillingar som fagarbeidar / assistent og pedagogisk leiar i dei 5 ulike barnehagane våre. Oppstart frå dags dato eller 01.01.26, etter eiga ønskje. 

Meir info om barnehagane finn du på våre heimesider. 

Kvalifikasjonar fagarbeidar/assistent

  • Helst fagbrev som barn- og ungdomsarbeidar.

Kvalifikasjonar pedagogisk leiar

  • Utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning.
  • Ønskeleg med kompetanse innanfor spesialpedagogikk.

Personlege eigenskapar – både fagarbeidar/assistent og pedagogisk leiar
Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som

  • Brenn for barnehageyrket og det beste for barna.
  • Trivst i lag med små barn.
  • Er utadvent og trygg på deg sjølv.
  • Beherskar det norske tale- og skrivemålet godt.
  • Er glad i å vere ute i all slags vêr, året rundt.
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Er fleksibel og løysingsorientert.
  • Bidreg fagleg og sosialt i personalgruppa.

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr

  • Barnehagar med eit god fagleg miljø.
  • Personalgrupper som verdsett humor i kvardagen.
  • Meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer.
  • Pensjonsordning i KLP
  • Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
  • Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning.

Politiattest og søknad

  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Ta gjerne kontakt med oss.

Velkommen som søkjar!

 

  • Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    01.10.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6390798
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune