Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
05.10.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6370664Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
Askvoll kommune
Fagarbeidar / assistent 40% mellombels stilling til 23.06.2026 - SFO Bulandet skule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har frå snarast ledig 40% mellombels stilling som fagarbeidar / assistent ved skulefritidsordninga (SFO) ved Bulandet skule.
Stillinga er mellombels til 23.06.2026. Arbeidsoppgåvene vil innebere å ha ansvar for skulefritidsordninga måndag, tysdag, torsdag og fredag på ettermiddagstid og heile dagen onsdag.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeid med barna i SFO i samsvar med rammeplan for SFO
- Dagleg omsorg og arbeid med å skape gode relasjonar
- Medverke til godt foreldresamarbeid som har barnet sitt beste i fokus
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev i barne – og ungdomsarbeidarfaget. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan andre utan fagbrev bli tilsett.
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer deg som:
- er leiken og open og likar faglege utfordingar
- er lagspelar og har gode samarbeidsevner
- trivst i lag med barn
Vi tilbyr:
- interessante og kjekke arbeidsoppgåver
- eit positivt og uformelt arbeidsmiljø
- god forsikring
- offentleg pensjonsordning (KLP)
- løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
- Fagarbeidarar får kr. 20000 utover sentralt løns- og stillingsregulativ, jf. lønspolitisk plan
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Politi- og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
05.10.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6370664Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
-
Tilkallingsvikarar og helgevikarar innan helse og omsorg
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Assistent i Miljøtenesta
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Fysioterapeut driftsavtale 100% Straume
Øygarden kommune
Straume -
Sjukepleiar i 80 % nattevaktstilling
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
To faste helgestillingar på Terna bustad
Øygarden kommune
STRAUME