Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
05.10.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6379170Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Fjaler kommune
Leiar HAFS interkommunale barnevernsteneste
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Fjaler kommune har ledig ei 100 % fast stilling som leiar for HAFS interkommunale barnevernsteneste. Vi søkjer deg som er trygg, fagleg sterk og klar for ein kvardag med både faglege utfordringar og meining. Er du i tillegg fleksibel og omstillingsdyktig? Då kan det vere deg vi ser etter.
HAFS barnevernteneste jobbar for å finne gode løysingar for barn og føresette i Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Eininga har ti stillingar med engasjerte medarbeidarar som samarbeider om å løyse utfordringar og sjå moglegheiter til det beste for barn og familiar i regionen.
No søker vi deg som trur på barn og foreldre sine ibuande ressursar og kan syne retninga vidare for medarbeidarane dine. Du vil ha kontor i Dale i nye, hyggelege lokale. Her jobbar du i eit tverrfagleg team med låg terskel for å søke støtte og råd hos kollegaene. Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og tek gjerne eit kjapt møte i sofaen for å drøfte ulike problemstillingar.
Som leiar er det viktig at du ser dei store linjene og tek ansvar for å oppnå gode resultat og god drift av tenesta. Vi jobbar kontinuerleg med å gi rett hjelp til riktig tid på rett nivå.
Du kan vere med og forme framtidas barnevernBarnevernsfeltet er inne i ei tid med stor utvikling, og som leiar kan du vere med på å forme ei barnevernteneste for framtida. HAFS barnevernteneste deltek i ulike utviklingsprosjekt for å gje eit godt fagleg tilbod, og leiar har ei viktig rolle her. Du vil ha medansvar for oppfølginga av vedtekne planar og skal sørge for at tenesta er deltakande i viktige samarbeid i HAFS.
Vi vektlegg å møte barn, familiar og samarbeidspartar der dei høyrer til, noko som betyr ein del reiseverksemd i arbeidet. Du får høve til å jobbe tett på familiar, samtidig som du bidreg med fagleg kvalitetssikring, rettleiing og utvikling av tenesta.
Arbeidsoppgåver
- Hovudansvar for å drive eit best mogleg tenestetilbod for barn, deira familiar og nettverk
- Rettleie tilsette og bidra til kompetanseutvikling i tenesta
- Koordinering, samarbeid og samhandling internt, samt bidra til godt tverrfagleg samarbeid med andre samarbeidspartar
- Økonomisk planlegging, budsjettering og rapportering
- Bidra til utvikling av eit godt tenestetilbod i tråd med gjeldande føringar og lovverk
- Utdanning som barnevernspedagog /sosionom
- Erfaring frå arbeid i barneverntenesta eller liknande
- Relevant leiarerfaring
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
- Godkjend politi- og tuberkulinattest
Frå 2031 vert det lovpålagt at leiar for barneverntenester har masterutdanning. Den vil tilset må difor gjennomføre masterutdanning innan 2031 dersom vedkomande ikkje har det ved tilsetjing.
Det blir vektlagt om ein er personleg egna til stillinga.
- Tydeleg, handlekraftig og fagleg sterk
- Inkluderande og motiverande leiarstil
- Evne til å bygge tillit og relasjonar
- Du toler uføresette hendingar
- Du er oppteken av å møte tilsette, brukarar og samarbeidspartar på ein audmjuk og trygg måte
Om du ønskjer ein givande og utfordrande jobb vil vi gjerne høyre i frå deg. Saman kan vi gjere ein forskjell for barn, unge og familiar i HAFS.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
05.10.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6379170Se her for andre jobber fra Fjaler kommune