• Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    30.11.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6455050
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
Ledigt jobb

Ål Kommune

Fagarbeidar / Assistent

Offentlig forvaltning

Ål ligg midt i hjarta av Hallingdal – omgitt av vakker natur, rikt kulturliv og gode tilhøve for friluftsliv heile året. Her får du rom for rekreasjon, med kort veg til fjell, skog og kulturhuset. Ål kommune har eit sterkt fokus på oppvekst og utdanning, og legg vekt på fagleg kvalitet, trivsel og samarbeid i og mellom barnehage og skule.

Om stillinga

Vi søkjer etter deg som ønskjer å være med å vidareutvikle Sundre barnehage som ein lærande organisasjon, der refleksjon, samarbeid og fagleg engasjement står i sentrum. Du vil arbeide i team saman med pedagogisk leiar og andre medarbeidarar, og er ein viktig del av det daglege arbeidet med barna.

Stillinga er inntil 100% fast, med oppstart frå 1. januar 2026 eller etter avtale.

Som fagarbeidar / assistent vil du mellom anna:

  • Delta aktivt i planlegging, gjennomføring og vurdering av barnehagen sitt pedagogiske arbeid.
  • Bidra til å skape ein trygg, omsorgsfull meiningsfull kvardag for barna.
  • Samarbeide tett med kollegaer, barn og foreldre om.
  • Vere ein viktig deltakar i barnehagen sitt profesjonsfellesskap.

Kvalifikasjonar:

  • Ønskeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
  • Relevant erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel.
  • Gode norskferdigheiter, munnleg og skriftleg (minimum nivå A2–B1)
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.
  • Vilje til å samarbeide og bidra inn i barnehagen sitt arbeidsmiljø.

Vi ser etter deg som:

  • Har eit brennande engasjement for barns leik, læring og utvikling.
  • Er fagleg reflektert og oppteken av pedagogisk kvalitet i kvardagen.
  • Ynskjer å samarbeide i team for å finne løysingane som alltid har barnet sitt beste i fokus.
  • Møter barn med varme, respekt og humor.

Vi tilbyr:

  • Eit arbeidsmiljø som arbeidar for fagleg utvikling for alle roller.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og rettleiing.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjonsordningar.
  • Ein arbeidsplass der humor, glede og fagleg engasjement er høgt verdsett.

Politiattest og søknad:

  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Ta gjerne kontakt med oss.

Velkommen som søkjar!

 

  • Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    30.11.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6455050
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune