Ledig stilling

Ål Kommune

Pedagogisk leiar

Offentlig forvaltning

Vi søkjer etter ein pedagogiske leiarar som ønskjer å være med å vidareutvikle Sundre barnehage som ein lærande organisasjon der refleksjon, samarbeid og fagleg engasjement står i sentrum.

Stillinga er inntil 100%, fast med oppstart frå 1. januar 2026 eller etter avtale.

Som pedagogisk leiar vil du få ansvar for å:

  • Leie det pedagogiske arbeidet på avdelinga i tråd med statlege, regionale og lokale føringar.
  • Planleggje, gjennomføre og evaluere pedagogiske prosessar.
  • Bidra aktivt i barnehagen sitt profesjonsfellesskap.
  • Rettleie medarbeidarar og vere ein tydeleg fagleg rollemodell.
  • Bidra til eit godt samarbeide med foreldre og andre instansar.

Kvalifikasjonar:

  • Godkjend bachelorgrad som barnehagelærer, eller annan relevant pedagogisk utdanning.
  • Gjerne erfaring frå arbeid i barnehage.
  • Gode norskferdigheiter, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2)
  • Vilje til å samarbeide og bidra inn i barnehagen sitt arbeidsmiljø.

Vi ser etter deg som:

  • Har eit brennande engasjement for barns leik, læring og utvikling.
  • Er fagleg reflektert og oppteken av pedagogisk kvalitet i kvardagen.
  • Er opptatt av å delta i utviklinga av barnehagen si pedagogiske retning.
  • Er trygg i rolla di som leiar og motiverer kollegaer gjennom samarbeid og open kommunikasjon.
  • Er personleg eigna og alltid arbeider for barnet sitt beste.

Vi tilbyr:

  • Eit arbeidsmiljø som arbeidar for fagleg utvikling for alle roller.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og rettleiing
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjonsordningar.
  • Ein arbeidsplass der humor, glede og fagleg engasjement er høgt verdsett.

Politiattest og søknad:

  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Ta gjerne kontakt med oss.

Velkommen som søkjar!