Ledig stilling

Ål Kommune

Lærar

Offentlig forvaltning

Ål kommune har ledig inntil 100% fast stilling p.t. ved Nordbygdene skule frå 01.02.26.

Vi søkjer lærar som brenn for å utvikle praksisnær, leikbasert, spennande og innovativ undervisning i samarbeid med elevar og kollegaer i profesjonelle lærande fellesskap. Kompetanse og erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelagt støtte er ønskeleg.

Nordbygdene skule er ein fådelt skule med 48 elevar og 4 klassar fordelt på 1.-7. trinn. Det er 7 lærarstillingar er knytt til skulen, og totalt 15 tilsette. Vår visjon er “godt å vere – moro å lære!” Våre verdiar er respekt, omsorg og ansvar. Nordbygdene skule ligg i bygda Leveld i Ål kommune, har god tilgang på areal både inne og utandørs. Skulen har gymsal og svømmebasseng.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova § 10-1 og 10-2 og forskrift til opplæringslova kapittel 14, sjå særleg §§ 14-1 til 14-3.
  • Ønskeleg med allmennlærar- eller grunnskulelærarutdanning, og undervisningskompetanse i fleire grunnskulefag. Før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse innanfor.
  • Ønskeleg med erfaring frå arbeid med fådelt pedagogikk.

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som

  • Ønsker å bidra til god læring for elevane.
  • Er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer.
  • Er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
  • Har god digital kompetanse og evne til å vurdere når det er føremålstenleg for elevane å arbeide digitalt.
  • Ser på leikbasert læring som ein god arbeidsmetode i undervisninga.
  • Ønsker å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt.
  • Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.

Våre medarbeidarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr

  • Arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø.
  • Rettleiing i to år for nyutdanna lærarar.
  • Engasjerte og dyktige medarbeidarar og leiarar.
  • Miljørettleiarar ved skulen.
  • Skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving.
  • Løns- og arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
  • Pensjonsordning i SPK.
  • Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning.

Politiattest og søknad

  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Ta gjerne kontakt med oss.

Velkommen som søkjar!