• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    26.07.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5802862
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Ledig stilling

Giske Kommune

Ergoterapeut 50 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig 50 % fast stilling som ergoterapeut frå 01.09.2024.

Er du ein ergoterapeut som kan jobbe sjølvstendig og i team? Likar utfordringar, er strukturert, målretta og er på utkikk etter ein spanande og lærerik arbeidskvardag? Då er det deg vi søker.
 
Som ergoterapeut i Giske kommune vil du få ein spanande arbeidskvardag i eit kvardagsrehabiliteringsteam(KVR) med varierte arbeidsoppgåver innan kartlegging og forebygging. Teamet består av fysioterapeut, helsefagarbeider og ergoterapeut som arbeider tett saman med heimetenesta. KVR har som mål gjennom opptrening og tilrettelegging at innbyggjarane skal bo lengst mogleg i eigen heim, og vere sjølvstendig i eige liv. KVR har fokus på tidleg innsats  for å forebygge funksjonstap.
 
Fysio- og ergoterapiavdelinga er opptatt av å levere gode kvalitative tenester til brukarane i kommunen og sjølvstendig jobbing i kombinasjon med interesse for tverrfagleg samarbeid er derfor viktig. Ved eventuelle endringer i organisasjonen er det ønskeleg at du som arbeidstakar er open for anna målgruppe og anna fagfelt innan ergoterapi.
   
Fysio- og ergoterapiavdelinga i Giske kommune har kontor på Giske omsorgssenter på Valderøya og er organisert under eining Barn, familie og helse. Vi er for tida 4 fysioterapeuter i 3,5 årsverk samt 2 ergoterapeuter i 1,5 årsverk.


I tillegg til formell kompetanse, blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden. 

 

Kvalifikasjoner:

  • Offentleg godkjent ergoterapeut
  • Relevant yrkeserfaring
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid
  • God digital kompetanse
  • Gode norskkunskaper både munnleg og skriftleg
  • Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil
  • Er engasjert og løysingsorientert
  • Har evne til å arbeide strukturert og målretta for å oppnå gode resultat
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Personlige egenskaper:

  • Trives med å jobbe sjølvstendig og i team
  • Er fleksibel
  • Er fagleg oppdatert og utviklingsorientert
  • Har godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø med kollegaer med god kompetanse og erfaring
  • Godt tverrfagleg samarbeid i ei utviklingsorientert kommune
  • Moglegheite til å påvirke din egen arbeidshverdag
  • Moglegheite til å utvikle ergoterapitilbudet i Giske kommune
  • Fleksitidordning
  • Løn og tilsetjing på kommunale vilkår og pensjonsordning gjennom KLP
 

  • Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    26.07.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5802862
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune