Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
04.08.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5799988Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 29.06.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Fysioterapeut
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sunnfjord kommune har 22 500 innbyggarar, og ligg i Vestland fylke. Eining fysio/ergoterapi har 22 tilsette, fordelt mellom arbeidsstadane Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesta består av fysioterapeutar, ergoterapeutar, og serviceteknikarar med ansvar for hjelpemiddel.
Vi har og 7 driftsheimlar for privatpraktiserande fysioterapeutar, fordelt på fire ulike institutt i Førde. Fysioterapeutar med kommunal driftsavtale yter fysioterapi som ein del av kommunen sitt totale fysioterapitilbod og helseteneste. Vi har eit godt fagmiljø, med mange dyktige og engasjerte fagpersonar.
Vi har følgande ledig stilling:- 100 % fast stilling som fysioterapeut i Førde
- Behandling og rehabilitering av i hovudsak vaksne og eldre pasientar
- Poliklinisk oppfølging av vaksne og eldre pasientar
- Rettleiing og tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper
- Hjelpemiddelarbeid
- Vere instruktør i treningsgruppe
- Oppfølging av korttidsavdeling med 15 korttidsplassar ved Førde omsorgssenter
- Deltaking i kvardagsrehabiliteringsteam
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, tilsvarande nivå B2 eller betre
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Førarkort klasse B
- Har god arbeidskapasitet, og evne til å handtere ein hektisk kvardag med mange og varierte arbeidsoppgåver
- Kan arbeide strukturert og sjølvstendig, og planlegge eigen arbeidskvardag på ein god måte
- Har god kjennskap til bruk av IT-verktøy, i Sunnfjord kommune nyttar vi journalprogramma Patientsky og CosDoc
Faglege kvalifikasjonar, vidareutdanning og kurs med relevant fagkompetanse vert lagt vekt på. Kommunal arbeidserfaring vil telle positivt, men nyutdanna vert også oppmoda om å søke
Du må levere politiattest før start i stillinga.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
04.08.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5799988Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 29.06.2024